Meiner «raudt lys» kosta dei hundrevis av millionar – møter staten i retten

Fiskeoppdrettarar på Vestlandet hevdar dei tapte 430 millionar kroner på eitt år. Staten meiner det var rett å tvinge dei til å redusere produksjonen. No møter partane i retten.

Laks i merder

REDUKSJON: Oppdrettarar i Vestland måtte redusere produksjonen sin med 6 prosent då området blei sett i raud sone. Dette likar dei dårleg. (Arkivfoto)

Foto: Mowi

I 2019 eksporterte vi sjømat for 107 milliardar kroner, og sette ny rekord.

Aldri før har Noreg tent meir på laks, som drog inn rundt 73 av milliardane. Men no kan næringa koste staten dyrt.

25 oppdrettarar på Vestlandet har saksøkt Nærings- og fiskeridepartementet.

Grunnen er trafikklyssystemet, som vart innført for å få verne villaksen mot lakselus. I 2019 vart laks- og aureprodusentane pålagde å redusere produksjonen med 6 prosent.

– Dette svarar til mellom 9 og 12 000 tonn redusert produksjon. Vi har estimert at det er eit verdiskapingstap på 430 millionar kroner i året, seier Even Søfteland som er talsperson for dei 25 oppdrettarane.

Mowi-anlegg

RÅKA: Lakseoppdrettaren Mowi er ein av dei som no går til sak mot staten. Bildet er frå anlegget Brunsvik i Kinn kommune.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Usamde om raudt lys

For å få bukt med luseproblemet innførte staten eit trafikklyssystem, og delte produksjonsområda langs kysten opp etter farge. Områda med mest lus fekk raudt lys, og måtte dermed redusere produksjonen.

Frå før har oppdrettarane ei maksgrense på kor mykje fisk dei kan ha i sjøen samtidig.

Striden står om kor vidt området frå Nordhordland til Stad burde vere raudt, eller ikkje.

– Vi er usamde i det faglege grunnlaget for at oppdrettarane i dette området fekk raudt lys i 2019. Vi går til sak for å få erkjent dette ugyldig, seier Søfteland.

Regjeringsadvokat Hilde Lund, som representerer staten, viser på si side til at regjeringa fekk oppretta ei eiga ekspertgruppe som har vurdert ulike faktorar i saka.

– Ekspertgruppa kom til ein konklusjon som vi meiner er korrekt, seier Lund.

Regjeringsadvokat Hilde Lund

– KORREKT: Regjeringsadvokat Hilde Lund, som representerer staten, meiner den faglege vurderinga som ligg til grunn for trafikklyssystemet er korrekt.

Foto: Rahand Bazaz/NRK

Seier det kom overraskande

Søfteland poengterer at ein viktig del av rettssaka handlar om at regelverket, og manglande moglegheit til å gi høyringssvar.

– Den raude sona kom veldig overraskande på oss. Vi har ikkje hatt moglegheit til å uttale oss i ei sak som angår så mange i så lang tid. Det er difor vi sit i retten i dag.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) har tidlegare forklart det raude lyset på delar av Vestlandet slik:

– Vi har eit stort ansvar for å ta vare på villaksen i Noreg. For første gong vil vi redusere produksjonskapasiteten i desse områda for at villaksen skal få betre tilhøve, sa han.

Søfteland seier oppdrettarane har følgt reglane, men hamna likevel i raud sone.

– Det er ikkje berre enkeltbedrifter som blir ramma, det er ei heil gruppe. Det blir som om naboen køyrer for fort og blir tatt, så får alle i gata saman dommen, slår han fast.

Rettsaka i Sogn og Fjordane tingrett mellom staten og oppdrettarar.

I RETTEN: I dag starta rettssaka mellom oppdrettarane og staten i Sogn og Fjordane tingrett.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

– Det blir dyrt

Oppdrettarane trekk også fram at mindre produksjon gir alvorlege ringverknader for både leverandørar og lokalsamfunna.

Dersom dei vinn fram med krava sine, vil dei krevje erstatning. Kor mykje staten då må ut med har ikkje Søfteland tal på.

– Men at det blir dyrt, det er det ikkje tvil om. Vi snakkar om mange hundre millionar kroner, seier han.

Nærings- og fiskeridepartementet meiner dei må bli frifunne i saka. Dei meiner oppdrettarane ikkje har krav på erstatning og skriv også i sluttinnlegget at dei heller ikkje må vinne fram med kravet om at forskrifta er ugyldig.

– Det ligg ikkje føre noko som gjer at forskrifta skal vere ugyldig. Den bygger på eit korrekt rettsleg grunnlag, og det er heller ingen sakshandsamingsfeil som kan velte forskrifta, seier regjeringsadvokat Lund.

Det er sett av ti dagar til saka som starta måndag, og begge partar har kalla inn ei rekkje vitne og sakkunnige.

400 millioner oppdrettslaks svømmer i norske merder. Hvor sunt er laks, og hvordan påvirker laksen miljøet? Andreas Wahl finner sannheten om rosa fisk. Norsk dokumentarserie. Sesong 6 (2:4)

400 millioner oppdrettslaks svømmer i norske merder. Hvor sunt er laks, og hvordan påvirker laksen miljøet? Andreas Wahl finner sannheten om rosa fisk. Norsk dokumentarserie. Sesong 6 (2:4)