Hopp til innhold

Med klimaendringane som er i vente vil dette kunne skje oftare

Minst 34 reinsdyr måtte bøte med livet etter at eit snøskred ramma flokken på Fresvikfjellet i Sogn i fjor vinter. Med eit villare og våtare klima i vente vil dette kunne skje oftare enn før.

Makabert funn på Fresvikbreen

SNØSKRED: Åtseldyr som revn, ravn og ørn hadde teke for seg av reinsdyra som i vinter vart tekne av snøskred i Fresvikfjella. Dette makabre synet møtte turgåar Hans Cristian Tenol-Tuxen Lilleøen på ein fjelltur i sommar.

Foto: Hans Christian Tenol-Tuxen Lilleøren / Privat

– Det var tre store bukkar, og resten simler, kalvar og ungdyr. Det var også dyr som låg under snøen som vi ikkje greidde å telje, fortel seniorrådgjevar Kristoffer Ullern Hansen hos Statens Naturoppsyn i Sogn.

Saman med ein kollega var han tidlegare i september oppe ved Syringefjellet i Fresvikfjella for å sjå nærare på det heller makabre synet.

Turgåar møtt av makabert syn

Turgåar Hans Christian Tenol-Tuxen Lilleøren var den som først kom over reinskadavera i sommar. Synet som møtte han er eitt han seint vil gløyme.

– Eg vart var nokre fuglar, eit tjuetals ramnar og to ørnar, som krinsa i lufta. Då eg kom nærare, på tjue meters avstand, så letta det ei tredje kongeørn. Då eg kom bort såg eg at det hadde skjedd noko, fortalde Lilleøren til NRK.no i sommar.

Det som møtte han var mest som ei slagmark. Haugar med beinrestar og reinkadaver låg strødd bortetter snøen. Lilleøren forstod fort at det var snakk om eit snøskred som hadde teke flokken.

Kan vere fleire dyr under snøen

Reinsdyrflokk tekne av snøskred på Syringefjellet i Sogn

FLAKSKRED: Statens Naturoppsyn meiner reinsflokken vart tekne av eit flakskred.

Foto: Statens Naturoppsyn

I sin rapport slår Statens Naturoppsyn fast at flokken truleg er tekne av eit flakskred like før jul i fjor. Det kom unormalt mykje snø i fjellet i denne perioden.

- Dei har nok ikkje rast så veldig langt nedover fjellsida, for det var ikkje teikn til at dei hadde knekt noko eller gått hulter til bulter, seier Ullern Hansen i Naturoppsynet.

Dei talde 34 dyr, men det umogleg å seie kor mange fleire dyr som kan ligge gøymt under snøen. Ullern Hansen fortel at varmen frå dyra smelta opp snøen rundt, før denne seinare fraus til is.

- Det var dermed ikkje mogleg å grave eller bruke søkestenger for å finne ut om det låg fleire dyr under snøen, forklarar han.

Betyr ikkje noko for stammen

Med utgangspunkt i eit tapstal på rundt 34 dyr, trur ikkje Naturoppsynet at det har innverknad på stammen i området.

– Dette er kanskje snakk om ein 10-15 prosent av dyra som stort sett held seg i området aust for riksveg 13. I samband med reinsjakta er det sett over 300 dyr på Vikafjellet, seier Ullern Hansen som reknar stammen som relativt intakt.

At reinsdyr blir tekne av skred er ikkje noko nytt, og blir heller sagt å vere relativt vanleg. Vinteren 2010/2011 miste nesten 200 reinsdyr livet i eit snøskred i Nordfjella, på grensa mellom kommune Aurland og Ål.

Kan skje oftare når klimaet endrar seg

Det er ingen tvil om at Norge kan vente seg eit varmare og våtare klima i åra som kjem, og dette vil gje auka fare for ras.

Det at reinsdyr blir tekne av skred, er det noko som kjem til å bli meir vanleg når klimaet endrar seg?

– Det ligg i korta at når klimaet blir villare og våtare, og vi får meir snø og vind, så blir det betre forhold for snøras, også i indre strok. Statistisk sett blir det dermed større sjanse for at meir rein hamnar i nokon av desse rasa, seier Ullern Hansen.

Han seier det uansett ikkje er grunn til å tru at dette blir eit problem for stammen.

– Stammen i det som heiter Fjellheimen villreinområde tel vel 500 dyr totalt. Om ein skulle få ein situasjon der ein stor flokk vert teken av eit skred, og det ryk med 200-300 dyr, så ville det sjølvsagt vore ille. Men det er liten sjanse for at det skjer, seier han.