Hopp til innhold

Med det tredje skal det skje

To gonger har kaptein Maria Ullebust Oppedal og resten av handballaget til Førde mislukkast i å kvalifisere seg til 1. divisjon. Men no skal barrieren brytast.

Maria Ullebust Oppedal

FÅR EIT TREDJE FORSØK: Førde-kaptein Maria Ullebust Oppedal har vore med på to kvalifiseringar til 1. divisjon før.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er ein klarare sjanse denne gongen. Vi har jobba hardt i mange år for å få det til. Eg synest det er fullt fortent, og vi må berre stå løpet heilt ut.

Motstandar er Skrim, eit lag Førde slo 45-17 i bortekampen. Vinn Førde, er laget det andre frå Sogn og Fjordane i 1. divisjon etter Jotun.

Førde Il handball

KLARE TIL DYST: Handballaget til Førde vil avgjere opprykket mot Skrim.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Motstandaren treng poeng

Normalt bør Skrim vere lett match. Men trenar Kristinn Gudmundsson passar seg godt for å selje skinnet før bjørnen er skoten.

– Spelar vi opp mot vårt beste skal vi vinne. Men Skrim er eit rekruttlag for Skrim Kongsberg, som er i toppen av 1. divisjon. Dermed kan det variere kor sterkt laget er.

Skrim kjempar for å unngå nedrykk til 3. divisjon. Før denne helga ligg laget på nest sisteplass med åtte poeng. Dermed har laget god motivasjon til å bite godt frå seg.

Odd Erik Gullaksen, Maria Ullebust Oppedal og Kristinn Gudmundsson

TOPPTENNING: Sportsleg leiar Odd Erik Gullaksen (t.v.), kaptein Maria Ullebust Oppedal og trenar Kristinn «Kiddi» Gudmundsson.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Og Førde-trenaren er trygg på at han og spelarane ikkje tek lett på oppgåva.

– Nei, eg er heller redd for at nokon av spelarane vil så mykje at dei ikkje får tinga heilt til å falle på plass. Men ein handballkamp varer i 60 minutt, og vi treng ikkje stresse om det ikkje går rette vegen dei første ti minutta.

Tabell 2. divisjon

TABELLEN: Får Førde to poeng mot Skrim kan ingen lag passere dei.

Foto: Skjermbilete handball.no

Missa med eitt måls margin sist

No kan dei greie det dei ikkje greidde i 2014. Dei spelte kvalifisering mot Fjellhammer og vann bortekampen med fire mål. Dei skulle berre unngå å tape heimekampen med fem mål eller meir. Så var det akkurat det som skjedde. Fjellhammer vann 23-18.

– Det var forferdeleg, ei skikkeleg dårleg kjensle. Vi gjorde vårt beste, men det gjekk ikkje, minnest Maria Ullebust Oppedal.

– Kjempegod stemning i laget

Denne gongen skal det mykje til før håpet blir lagt i grus. For no slepp dei kvalifisering,

Sjølv om Førde-jentene ikkje skulle lukkast i å sikre dei to poenga dei treng mot Skrim, har dei to matchballar til, begge på heimebane. Kapteinen lovar at det blir opprykk når sesongen er slutt.

– Det skal gå greitt. Stemninga i laget er kjempegod, alle er veldig gira og klare for å ta eit steg vidare.

Odd Erik Gullaksen

LOVAR HANDBALLFEST: Sportsleg leiar Odd Erik Gullaksen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Kjempemessig handballfest

Sportsleg leiar Odd Erik Gullaksen håpar også at folk både i Førde og kommunane rundt tek turen for å sjå opprykkskampen.

– Eg trur alle har fått med seg at det blir ein kjempemessig handballfest. Det kriblar, og vi gler oss. Og etterpå kan publikum få med seg ein godbit med fart og spenning når Fyllingen Bergen og Lillestrøm møtest til eliteseriekamp for menn, seier Gullaksen.