Hopp til innhold

Med danning på timeplanen

Sogn og Fjordane set som einaste fylke danning på dagsorden i den vidaregåande opplæringa. I dag var det duka for danningskonferanse på Sandane.

Danningskonferanse

DANNING PÅ DAGSORDEN: Under danningskonferansen på Sandane i dag var tidlegare utdanningsminister Gudmund Hernes blant føredragshaldarane.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Eg trur det handlar om å førebu seg til å møte vaksenlivet. Å bu seg på dei utfordringane som kjem og kunne reflektere over dei.

Slik forklarer elevrådsleiaren Alise Beate Holm omgrepet danning.

For det var danning som var tema for konferansen på Firda vidaregåande skule i dag. Sogn og Fjordane fylkeskommune er nemleg i front med å setje danning på dagsorden i den vidaregåande opplæringa.

Elevane er medverkande

Omgrepet danning inngår som eit av tre kjennemerke på kvalitet i opplæringa i mål og strategidokumentet for vidaregåande opplæring 2012-2015, «God – betre – best». Dei to andre er læringsutbyte og gjennomføring.

På Firda vidaregåande skule har elevane vore tungt inne i arbeidet med danninga. Elevane skal få svar på kvifor ein lærer noko, reflektere over korleis ein lærer, reflektere over eiga rolle/læring, og ha medbestemmelse.

– Prosjektet starta opp i år med midlar frå fylkeskommunen fortel Alise Beate Holm.

LES OGSÅ: No er søknadsfristen ute - rektorane er spente på korleis tala vert

Alise Beate Holm

ELEVRÅDSLEIAR VED FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE: Alise Beate Holm tykkjer det er viktig at ein arbeider med danning i den vidaregåande skulen.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Me har allereie hatt to samlingar, og rundt påske skal me ut i prosjektarbeid der me jobbar tverrfagleg og fokuserer på danning.

Å utvikle seg som menneske

Ove Eide, utviklingsleiar ved Firda Vidaregåande skule forklarer danning som ein kvalitet som ikkje kan målast.

– Tradisjonelt er me vane med å måle resultat i form av karakterar, kor mange som sluttar på skulen, og så vidare. Men med danning då byrjar me å snakke om verdiar og kvalitetar som ikkje kan målast, men som er viktige, seier Eide.

– Det handlar om korleis me er med kvarandre, korleis me oppfører oss, korleis me tenkjer om oss sjølve, at me blir bevisst på kven me er. At me utviklar oss som menneske rett og slett. Difor er danninga så viktig i den vidaregåande skulen!

(Artikkelen held fram under biletet)

Ove Eide

OPPTEKEN AV DANNING: Skulen er så mykje meir enn karakterar, kroner og ører, seier utviklingsleiar ved Firda Vidaregåande skule Ove Eide.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Det handlar om korleis me er med kvarandre, korleis me oppfører oss, korleis me tenkjer om oss sjølve, at me blir bevisst på kven me er.

Ove Eide

– Kvifor satsar Sogn og Fjordane fylkeskommune så sterkt på danning i den vidaregåande skulen?

– Det trur eg mellom anna er ein reaksjon mot at det har vore eit så sterkt fokus på det som kan målast. Rekning i prosent, kroner og ører. Skulen er så mykje anna! Det handlar om å vera menneske. Om å utvikle seg til heile menneske som me seier så fint, fortel Ove Eide.

Kunnskapen me ikkje kan gi slepp på

Føredragshaldarane som vitja konferansen representerte ulike samfunnssektorar, som næringsliv, skule og akademia. Blant anna tidlegare utdanningsminister Gudmund Hernes hadde teke turen for å vera med og setje danning på dagsorden.

Hernes vil definere danning som den kunnskapen me ikkje klarer oss utan.

– Mykje av det ein lærer i den vidaregåande skulen er ting som folk frå tidlegare tider og generasjonar har funne ut før oss. Pythagoras læresetning for å ta eit døme. Dette er ei læresetning ein har bruk for når ein byggjer hus og bruer, ein type kunnskap som ein aldri kan gi slepp på. Nokon må ha den kunnskapen om me skal halde fram med å byggje hus og bruer. Å ha ein viss peiling på Pythagoras læresetning er ein del av danninga, seier Hernes.

Gudmund Hernes

DEN KUNNSKAPEN SOM ME IKKJE GREIER OSS UTAN: Slik definerer tidlegare utdanningsminister Gudmund Hernes danninga.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Hernes er av den oppfatning at det er viktig at ein satsar på danning i den vidaregåande skulen, men han er oppteken av å konkretisere.

– Eg trur det er viktig at ein tek det heilt konkret. At ein knyter det til dei opplevingane og dei problema som dei unge møter. Ein må og gi dei problem som dei kan møte og løyse slik at dei får lyst til å meistre dei oppgåvene som dei står ovanfor. Både når det gjeld kunnskap, men og problem knytt til menneskelege relasjonar.

Elevrådsleiaren stemmer i, og meiner at det er heilt naudsynt at danninga er ein del av satsinga i den vidaregåande skulen.

– Dersom du skal fungere i samfunnet må du blant anna ha generell kunnskap. Du må ha samfunnsviten, du må kunne reflektere over ting, du må kunne prate med menneske og kunne møte nye kulturar, seier Alise Beate Holm