Hopp til innhold

MDG vil gi ha lyntog mellom Bergen og Berlin

Miljøpartiet Dei Grøne drøymer om at «Hansaekspressen» kan ta deg frå Bergen til Berlin på 11-12 timar. – Nordmenn må byrje å kople seg på jernbanesatsinga som skjer i Europa.

Veg- og jernbanetunnelen blir no bygt under Femernstredet mellom Danmark og Tyskland.

TOG TIL EUROPA: Den undersjøiske tunnelen under Femernstredet er under bygging. Den vil kutte togreisa mellom København og Hamburg med to timar. Med lyntog frå Bergen til Oslo og frå Oslo til Götebørg vil MDG nå Berlin frå Bergen på elleve timar.

Foto: Femern AS

Viss du i dag vil reise med tog frå Bergen til Berlin, må du rekne med ei total reisetid på 24 timar. Minst 20 timar på toget, og med fire togbytte, i Oslo, Göteborg, København og Hamburg.

MDG meiner Noreg bør satse på å halvere denne reisetida.

– Vi vil ha ein «Hansaekspress». Eg vil at når ein går på jernbanestasjonen i Bergen, skal det stå Berlin, København, Stockholm og Hamburg på nokre av toga, seier fungerende partileiar Arild Hermstad.

– Til Berlin!

På jernbanestasjonen i Bergen går Siren Moe-Nilsen og Linda Mikalsen av toget etter ein tur til Voss. Dei likar tanken på ei 11 timars direkterute til litt meir eksotiske Berlin.

– Det hadde vore knall. Vi pakkar niste. No skal vi til Berlin!

Linda Mikalsen (t.v.) og Siren Moe-Nilsen

HEILT KNALL: Siren Moe-Nilsen (t.h.) og Linda Mikalsen tar gjerne toget til Berlin viss reisetida blir elleve timar frå Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Torsdag la MDG fram sitt alternative forslag til Nasjonal transportplan for perioden 2022-2033.

– Er «Hansaekspressen» eit konkret NTP-forslag, eller først og fremst ein visjon?

– Dette er sentralt for oss. Vi kan ikkje leve isolert frå det som skjer i resten av Europa. I nabolanda våre blir det investert hundrevis av milliardar i raskare og fleire tog. Medan vi her i Noreg diskuterer korleis vi skal spare inn eit kvarter til Voss. Det blir for smått.

Godt samvit

I staden ser MDG føre seg å få reisetida Bergen - Berlin ned i 11-12 timar.

– Då kan familiar, vennegjengar og nyforelska reise på helgetur med godt samvit, meiner Hermstad.

Statsraad Lehmkuhl (t.h.), Christian Radich og Sørlandet samlet i Bergen.

JORD, LUFT, VATN: Hanseatane kom til Bergen sjøvegen. MDG ønsker ein moderne «Hansaekspress» som jernbane i staden for dagens flyreiser.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad i Framstegspartiet bles av visjonen.

– La oss først sørge for at bergensarane kan reise trygt til Voss og ferjefritt til Stavanger, før vi tenker på helgetur med tog til Berlin, meiner han.

MDG vil ha ein «Hansaekspress» med høgfartstog mellom hansabyane Bergen, Hamburg og Berlin.
Det krev store utbyggingar på Bergensbanen.
Og at Oslo bli kopla til lyntoglinja Gøteborg-København.
Om åtte år kuttar ein undersjøisk tunnel reisetida kraftig mellom Danmark og Tyskland.
I beste fall kan ein då ta toget Bergen-Berlin på 11 timar utan mellomstopp.

I dag står det berre «Arna», «Voss», «Ål» eller «Oslo S» på tavlene på Bergen stasjon.

Reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland, ler godt når vi ber han sjå føre seg «København», «Hamburg» og «Berlin».

– I klassisk bergensk mangel på sjenanse må eg seie at det hadde vore ganske stilig.

Han har ikkje høyrt om ein slik visjon før, men meiner direktetog Bergen - Berlin kan vere spennande.

– Tyskland er ein svært viktig marknad for Bergen og Vestlandet. Grådig mange tyskarar vil hit, Bergensbanen er ein spektakulær målte å komme hit på, og miljøvenlege og effektive reisemåtar er interessante.

Landsmøtet til MDG

KONTINENTAL: MDG-leiar Arild Hermstad meiner det bør gå internasjonale hurtigtog frå ein internasjonal by som Bergen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Dyrt

Visjonen til MDG blir ikkje billig. På norsk side vil partiet sette av rundt 60 milliardar kroner:

  • 14,7 milliardar kroner til ny Vossebanen
  • 25 milliardar kroner til Ringeriksbanen
  • 5 milliardar kroner til høgfartsbane Oslo - Göteborg
  • 15 milliardar kroner til dobbeltspor Intercity til Fredrikstad

I tillegg vil MDG sette av to milliardar kroner til utgreiing av høgfartsbane Oslo - Stockholm, og «fleire milliardar kroner» til moderne togvogner tilpassa nattog og betre mobil- og nettdekning langs jernbanen.

Danmark og Tyskland byggjer for tida ny jernbanelinje kombinert med motorveg i ein 18 kilometer lang senketunnel under Femernstredet. Togreisa København - Hamburg blir to timar kortare når den opnar i 2029.

– Frå same tidspunkt bør vi kunne drøyme om å kunne ta toget frå Bergen til Berlin dobbelt så fort som i dag. Dette blir litt som «Orientekspressen» men i ei moderne utgåve med raske, komfortable tog, seier den bergenske MDG-leiaren.

– Bergen er 1000 km frå Berlin?

– Hovudproblemet er at det tar alt for lang tid Bergen-Oslo, og derifrå er vi for dårleg kopla på lyntoget Göteborg-København-Hamburg.

Heller enn autobahn til Trondheim

Hermstad avviser at det er urealistisk å ha ei hurtigtogslinje Bergen-Oslo ferdig samtidig med tunnelen under Femernstredet mellom Danmark og Tyskland om åtte år.

– Mange av planane som får reisetida på Bergensbanen ned under fem timar er allereie prosjektert. Dei manglar berre pengar. Og Sverige er veldig ivrige på å bygge ut Oslo-Göteborg, men norske samferdslestyremakter held tilbake.

Utan samanlikning elles: Medan MDG er mot motorvegplanar og ønsker å knytte Berlin til Bergen med høgfartstog, planla Hitler i si tid å bygge ein firefelts autobahn frå Trondheim til Oslo og direkte vidare til Berlin.

– Bergen har alltid vore knytt til omverda, og vi må ha ambisjonar om å kunne reise til kontinentet med internasjonale hurtigtog, seier Hermstad.

Høgfartstog

IKKJE PÅ VEG TIL BERLIN: Illustrasjonsfotografiet av eit lyntog i Frankrike kunne nesten vore tatt ved Sørfjorden mellom Bergen og Voss, men MDGs draum er eit stykke fram.

Foto: Norsk Bane AS