MC-ulukke på Voss

To personar er involverte i ei ulukke med lettmotorsykkel på Voss, melder Vest politidistrikt. Både føraren og passasjeren skal vere medvitne. Ambulanse er på staden, politiet er på veg.