Hopp til innhold

MC-sjåfør (57) alvorleg skadd

Ein 57 år gamal motorsyklist vart alvorleg skadd då han køyrde på ein hjort natt til onsdag.

Ulykka på kart

Ulykka skjedde på fylkesveg 137 mellom Rolsvåg og Os i Hordaland natt til onsdag.

Påkøyrselen skjedde like før klokka 01:00.

– Det var sjåføren sjølv som melde ifrå til politiet om ulykka. Mannen vart først frakta til lege, men deretter sendt vidare til Haukeland, opplyser operasjonsleiar Janne Steimler Sætre i Hordaland politidistrikt til NTB.

Hjorten overlevde ikkje.