MC-førar sendt med luftambulanse

MC-føraren som frontkolliderte med ein bil på Ølvesvegen i Kvinnherad er sendt til sjukehus med luftambulanse. Føraren var vaken og medviten i det vedkomande blei frakta vekk. Det er 80-sone på staden.