MC-førar alvorleg skadd i ulukke

Føraren av ein motorsykkel er henta med ambulansehelikopter etter at vedkomande køyrde i autovernet og velta på fjellovergangen Aurland-Hol.

SISTE: Vegen er no open att.

– Føraren var bevisst, men han har fått ein god del skadar i møte med autovernet, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Frode Eide.

– Er det livstrugande skadar?

– Det kan ikkje eg seie noko om no.

Det var eit følgje på tre motorsyklar som køyrde i lag då ulukka skjedde. Alle naudetatane rykte ut og kom til staden så raskt dei makta.

– Luftambulansen kom raskt og tok seg av pasienten, seier Eide.

Ulukka skjedde ved Rossdøla bru ved Vestredalstjørna på fylkesveg 50 Aurland-Hol, som er ein mykje brukt turistveg om sommaren.

Vegbana på staden er no rydda.