Hopp til innhold

Varma opp med ferie i badeland – blei noregsmeister

ULVIK (NRK): May Britt Buer melde seg på NM i motbakkeløp kvelden før konkurransen.

May Britt Buer med gullmedalje

UVANLEG OPPVARMING: May Britt Buer varma opp til NM på ein noko utradisjonell måte, men det gjekk likevel hennar veg.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Laurdag var det jubileum for Kvasshovden Opp, som blei arrangert for 10. gong.

I høve jubileet blei løypa i Ulvik brukt til NM i motbakkeløp for andre gong, og det blei lokal siger i kvinneklassa. May Britt Buer frå Odda vann på «heimebane».

Hardangerkvinna som spring for IL Gular frå Bergen blei dermed noregsmeister for fjerde gong, men sigeren var langt frå forventa.

– Når du er i den situasjonen som eg er i, at du har familie og små ungar, så blir det gjerne til at du ikkje bestemmer deg før kvelden før. Så eg melde meg på i går, då.

Varma opp i badeland

May Britt Buer fortel at ho ikkje hadde tenkt så mykje på at det var NM denne helga, og at ho ikkje akkurat har lagt opp til nokon formtopp til dette løpet.

– Eg har vore på ei vekes ferie i forkant av NM, og slappa av i Bø Sommarland. Kanskje det var det som skulle til for å få den rette forma, spøker ho.

Sjølv trudde Buer at siger skulle bli umogleg, men ho kom seg over målstreken på 57:16. Eitt minutt og 40 sekund før Eli Anne Dvergsdal, som spring for same lag.

Ho fortel at dagens type løype ikkje er hennar spesialitet.

– Denne løypa var relativt slak, og sist eg vann noko, i Rosendal, var det veldig bratt. Eg veit at eg er sterkare enn mange andre i slike terreng.

Men også andre faktorar enn relativt slak løype og manglande førebuing kan ha bidratt til at Buer blei såpass overraska over sigeren i dag.

– Eg blir jo ikkje yngre heller.

May Britt Buer på pallen

GULL: Oddabuen hadde ikkje trua på siger, men enda opp på toppen av pallen.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Meir avslappa no

Førre gong Buer blei noregsmeister var i 2012., og ho trur at ein blir meir avslappa i forkant av konkurransar med alderen.

– Du får andre ting å tenka og fokusera på. Så då blir du gjerne veldig avslappa til du skal konkurrera. Eg var nok ikkje så nervøs i dag som eg har vore tidlegare.

Ho fortel om gode forhold i løypa, som nyleg blei oppgradert med betre underlag

– Det hjelper iallfall på dagar der det har vore regn i forkant. Løypa har blitt litt lenger, men tida blir vel omtrent den same, seier ho.

Sprudlevatn i heimen

Buer fortel at det som held ho motivert til å fortsetja med motbakkeløp først og fremst er at ho liker å vera ute i bakkane.

– Og dei har eg rett bak huset mitt, så det blir ganske naturleg for meg.

No har eldstesonen hennar også starta med motbakkeløp, og ho synest at treningsturane er ekstra kjekke om ho får han med seg.

Men i kveld blir bakkane bytta ut med kos i hagen heime i Ullensvang.

– Me må nok finna noko sprudlevatn heime i kjellaren, tenker eg!

May Britt Buer vinn NM i Ulvik

NOREGSMEISTER: NM-sigeren i Ulvik er May Britt Buer sin fjerde.

Foto: Stian Røkenes / NRK