Hopp til innhold

Mattilsynet vil ha presise varsel om dårleg dyrehald frå dyrebilsjåførane

Dyrebilsjåførane er dei som er oftast rundt på gardane. Det gjev dei ei viktig rolle som observatørar, meiner bransjen.

Bjørn Aardal, dagleg leiar Vest dyretransport.

RUNDT OM: Bjørn Aardal frakter om lag 4000 grisar til slakteriet i Førde kvart år. Det blir mange turar, og mange møter med bønder på dei ulike gardane rundt om i fylket.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Retningslinene er klare. Vi gjer ikkje jobben vår dersom vi ikkje melder frå, seier Bjørn Aardal, dagleg leiar i Vest dyretransport.

Han må snakke høgt for å overdøyve grynta frå 80 grisar i bilen han køyrer.

NRK har den siste veka vist korleis norske griser lir i månader og år utan at styresmaktene klarer å stoppe det.

Torsdag bad slakterigiganten Nortura om hjelp til å rydde opp.

I eit innlegg i Dagens Næringsliv er konserndirektøren open om at dei ikkje har klart å leve opp til løftet i reklamen om at forbrukarane kan vere «vere trygg på at (...) dyra har hatt det bra».

Aardal frakter om lag 4000 grisar til slakteriet i Førde kvart år. Det har han drive med i 24 år.

Og i motsetning til andre som kjem rundt har han eit naturleg ærend på garden.

Grisetransport

REINE OG FRISKE DYR: Grisane som blir frakta til slakteriet i Førde av Bjørn Aardal verkar å vere reine og friske.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kan avdekke brot på dyrevelferdsloven

Alle har plikt til å varsle dersom dei oppdagar at dyr blir utsette for «mishandling eller alvorleg svikt» i dyrehald etter dyrevelferdsloven. Sjølv om varsla kan vera anonyme, vil Mattilsynet svært gjerne vite om det er ein veterinær eller dyrebilsjåfør som varslar. Slik blir varselet meir truverdig.

– For folk flest er det gjerne ikkje så lett å vita kva som er viktig informasjon. seier Torunn Knævelsrud, leiar for seksjon dyrevelferd i Mattilsynet.

Dei får meir enn 12.000 varsel i året, og må difor prioritera hardt kva varsel dei skal følgja opp.

– Me vil difor ha så presise varsel som mogeleg, både med adresse, kor mange dyr det er og konkret kva ein har sett, seier Knævelsrud.

Av smittevernomsyn skal ikkje sjåførane gå inn i fjøsane, men det finst likevel måtar dei kan oppdaga dårleg dyrehald, trur ho.

– Til dømes om ein bonde fleire gonger vil sende dyr som ikkje er transportdyktige til slakting. Ein sjåfør som er rundt på mange gardar vil nok få ein magefølelse om det er noko som ikkje stemmer.

Kan vera vanskeleg å seie frå

Mattilsynet tok i november i fjor ei ny retningsline for korleis dei skal følgja opp varsla dei får. Dei går no på færre tilsyn enn tidlegare, men håpar å i større grad fanga opp dei alvorlege varsla.

– Kor treffsikkert systemet er, er vanskeleg å vita. Me veit jo ikkje korleis det er der me ikkje går på tilsyn, seier Knævelsrud.

Ho håpar dei vil vurdera resultata av den nye arbeidsmetoden, for å finna ut om det er den beste måten å avdekka dårleg dyrehald på.

Det kan og vera vanskeleg for dyrebilsjåførane å melda frå, iallfall om dei har faste kundar.

– Då kan bonden lett forstå kven som har meldt frå. Det kan og gjelda den som hentar mjølk eller leverer for, seier Knævelsrud.

Ho oppfattar likevel at dei store transportørane har gode rutinar, der sjåførane kan melda frå via sin arbeidsgivar.

Torunn Knævelsrud

PRESISE VARSEL: Torunn Knævelsrud, seksjonsleiar for dyrevelferd i Mattilsynet, vil at dei som varslar skal vera så presise som mogeleg.

Foto: Mattilsynet

– Dyrebilsjåføren kan nekte å ta med dyr

Animalia tilbyr norske bønder kunnskap om husdyrkontrollar og dyrehelsetenester.

– I opplæringa av dyretransportørar leggjast det stor vekt på viktigheita av å varsle slakteriet om forhold som ikkje er som dei skal når dyra hentast, seier direktør Ola Nafstad.

Han legg til:

– Dyrebilsjåføren kan nekte å ta med dyr som er i for dårleg forfatning til å tole transporten.

Leiar i dyrerettighetsorganisasjonen Noah Siri Martinsen seier det ofte er uvisse blant dei som kjem til gardane om det er riktig å melde ifrå:

– Dette kan med fordel formulerast mykje tydelegare i forskrifter, seier ho.

– Dyretransportørane er del av næringa, men det er viktig at tilsynet varetakast av nøytrale og uavhengige inspektørar frå for eksempel Mattilsynet. Eller slik vi ynskjer: eit offentleg Dyreverntilsyn som ikkje har mange andre kryssende oppgåver.