Legane tok ikkje vesle Oskar sin sjukdom på alvor

17 månader gamle Oskar sleit med høg feber i nesten to månader. Først på det tiande legebesøket vart det tatt blodprøve av guten. Sist helg vart han frakta til sjukehuset i all hast med alvorleg streptokokk-infeksjon.

Oddny Iren Blomlid med sonen Oskar som var alvorleg sjuk utan at legane såg det.

BLEI SJUK: Legane tok ikkje foreldra og vesle Oskar på alvor. Dei fekk beskjed om virus 10 gonger før han vart innlagt med streptokokkar og nyrebekkenbetennelse.

Smilet er tilbake. Men vesle Oskar og familien i Jølster har vore gjennom ein tøff kamp. Gong på gong vart den 17 månader gamle guten undersøkt på legevakt og legesenter. Familien loggført alle legebesøka.

– Det starta med at øyrebetennelse på øyrebetennelse, masse høg feber og konstant sjuk. Legesenteret gav eg og sambuaren min rett og slett opp. Fem gongar var vi på legekontoret og fem gongar på legevakta før han vart innlagt, fortel mor til Oskar, Oddny Iren Blomlid.

Feberen gjekk opp

For svaret var det samme. Guten hadde øyrebetennelse og virus, meinte legane. Men Oskar vart ikkje betre. Førre laurdag vart han alvorleg sjuk.

– Eg ringte om natta, og då hadde Oskar feberkrampe. Då fekk eg beskjed om å gje ein paracet, legge ein kald klut i panna og kle av han for å få ned temperaturen. Då hadde det gått 50 minutt og han hadde 40,3 i feber. Så feberen gjekk ikkje ned, den gjekk opp. Så ringte eg att og sa at du må sende ambulanse. Så spør ho om eg ikkje kan køyre sjølv, fortel ei rysta mor.

Oskar

FORBANNA: Oddny Iren Blomlid med sonen Oskar.

Foto: NRK

Innlagt i seks dagar

Til slutt vart guten sendt med ambulsane til Førde sentralsjukehus. Her ga ein øyre- nase- hals-spesialist familien endeleg svar. Det vart seks dagar på sjukehus, tre i isolat. Oskar hadde både nyrebekkenbetennelse og streptokokkar.

Heime i Jølster reagerer foreldra sterkt på at legevakta ikkje gjorde meir for den svært sjuke guten.

– Når dei ser at det kjem ein mor og ein far med tårer i augene og dei ser kor dårleg ungen er med 40 i feber i tre veker konstant, så er det noko som ikkje stemmer, meiner Oddny Iren.

Legesenteret gav eg og sambuaren min rett og slett opp

Oddny Iren Blomlid

Vil klage til Helsetilsynet

No vil foreldra klage behandlinga guten fekk inn for Helsetilsynet.

Korkje Leiinga ved den interkommunale legevakta i Sunnfjord og Ytre Sogn, eller legesenteret i Førde vil kommentere saka, og seier dei ikkje vil behandle klagesaker i media.

– Frå legevakta vil vi stå fast på at vi ikkje behandlar klagesaker i media, men nyttar dei instansar som er til for dette, seier legevaktsjef Øystein Furnes i Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt.

Må leggje vekt på foreldra

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, seier til NRK at det generelt er viktig at foreldre blir tekne på alvor. Kjem pasienten igjen gong på gong, aukar det kravet til undersøking.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

SKAL VURDERE: Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Men generelt gjeld det at legen sin viktigaste kjelde til kunnskap om sjukdomsutvikling hos småbarn er foreldra. Difor er det så viktig for legen å leggje vekt på kva foreldra har å fortelje om korleis sjukdommen starta og korleis denne har utvikla seg, seier Stensland til NRK.

– Frå topp til tå

Han presiserer at legen må skaffe seg oversikt over tidlegare legekontaktar, også dei som har skjedd på andre legekontor eller legevakt.

– I tillegg må legen undersøke barnet, ofte frå topp til tå, fordi det kan vere uklart kvar årsaka til sjukdom ligg. Dersom foreldra kjem attende med symptom som ikkje vil gå over, kan det vere naudsynt å starte forfra igjen og supplere med blod og urinundersøking, sler fylkeslegen fast.

– Ikkje høyr på legane

Foreldra til Oskar er uansett klare på at dette er ei oppleving dei ikkje unner sin verste fiende.

– Andre foreldre skal vite at dersom ungen har høg feber i lengre tid, så ikkje høyr på at legane seier at det er virus ditt og virus datt. Krev blodprøvar, krev urinprøve og halsprøvar. Ikkje godta at ungen din går i tre veker med høg feber. Ikkje bry deg med at legen seier at dette er virus. Stå på ditt, seier Oddny Iren Blomlid.