Måtte sy etter valdshending

Ein mann blei i natt sendt til Haukeland universitetssjukehus for å sy kuttskader i øyra, melder politiet. Skadene stammar truleg frå kniv, ifølge operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen. Hendinga skjedde ved Strax-huset på Damsgård.