Hopp til innhold

Måtte køyre 25 mil for å få mann i arresten

Store avstandar kan av og til by på utfordringar for Vest politidistrikt.

Bergen politistasjon

UTFORDRANDE: Det vart ein hektisk natt for patruljane som måtte transportere ein rusa mann frå Øvre Årdal i Sogn, til Bergen.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

– Det vart nok ein lang tur for dei som transporterte han, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Det vart ein hektisk natt for politiet då dei måtte transportere ein mann i byrjinga av 30-åra, frå Øvre Årdal til Bergen. Turen tok over 5 timar, og vedkommande var innom fleire legevakter undervegs.

I alt var tre forskjellige politipatruljar involvert i transporten.

Bergens Tidende har også omtalt saka.

Måtte avbryte legevaktsjekk

Rebnord fortel at politiet først fekk meldingar om ei valdshending i Øvre Årdal og at det var i forbindelse med dette at dei rykte ut. Då dei kom til staden i 2-tida vart mannen, som var på veg vekk frå staden i bil, stoppa.

Då politiet fatta mistanke om promillekøyring byrja problema.

– Føraren forsøkte først å springe frå politiet. Då dei framstilte han for legevakt og blodprøvetaking. Under transporten til legevakta vart personen så utagerande at han vart meldt for vald mot politiet. Som følgje av dette vart det bestemt at han skulle setjast i varetekt i Bergen.

Ifølgje Rebnord skal personen ha både spytta og sparka mot politiet.

Før turen gjekk vidare til Bergen var dei innom legevakta i Lærdal for å ta blodprøve. Det gjekk heller ikkje som planlagt.

– For at blodprøva og legesjekken skulle føregå på ein trygg måte vart det difor bestemt at siste del av legevaktsjekken skulle takast i Bergen, då han skulle innsettast der uansett.

Ambulanse var med

Rebnord fortel at i tillegg til dei tre patruljane som var med undervegs, følgde ein ambulanse like bak. Turen frå Øvre Årdal til Bergen er i overkant av 25 mil. Sjølv om det er ein lang tur så meiner Rebnord at dei ikkje kan ta nokon sjansar i slike tilfelle.

– Det er jo i utgangspunktet eit stykke. Men ein skal ha kontroll på han og gjennomføre transporten på ein sikker måte. Difor hadde me også ambulanse med.

Rebnord fortel at vedkommande, som kom til Bergen for legevakt i 8-tida søndag morgon, endeleg har komme på plass i arresten i Bergen.

– Han er roleg no. Truleg vert han avhøyrt utover dagen, seier han.