Måtte jage hissig oter ut frå biblioteket

Ein oter rusla inn på biblioteket i Måløy og la seg godt til rette. Dei tilsette var ikkje så begeistra for denne type lesehest.

Oter på biblioteket

LESE-OTER?: Det er ikkje kvar dag biblioteket får besøke av ein oter.

Foto: Gjert Myrestrand/Fjordenes Tidende /

– Dette har aldri skjedd tidlegare, og eg har jobba her i 34 år, seier Birger Blålid som jobbar ved biblioteket i Måløy.

Det var nokre born som oppdaga oteren som ruslande inn. Han ville ikkje flytte på seg og blei etterkvart hissig. Politiet blei kontakta.

– Det er dører som opnar seg automatisk, så då han kom ruslande, gjekk dørene opp, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund i politiet.

Politiet fekk meldinga ti på tolv, og like etter var ein lokal politipatrulje på plass. Dei klarte etterkvart å få vist vekk oteren.

– Det var to dyktige, kvinnelege politibetjentar som var der. Dei brukte nok kvinnelist. Han for av garde.

Oter på biblioteket

UNDER BORDET: Oteren la seg godt til rette under bordet med bøkene.

Foto: Gjert Myrestrand/Fjordenes Tidende /

Hellesund seier det ikkje er kvar dag dei er ute på oter-oppdrag.

– Vi måtte google oter. Dette er ikkje akkurat pensum på politiskulen, ler han.

Ingen blei skadde, verken folk eller oter. Birger Blålid seier han sjølv ikkje blei redd eller stressa.

– Men eg var glad han var ute. Han kunne jo ikkje vere her når vi skal heim.

Måløy ligg ved kysten i Kinn kommune. Sjølv om han ikkje har hatt oterbøsøk på jobb før, har han likevel sett oter.

– Eg har sett nokre i gata av og til, seier han.

Laster Twitter-innhold
Oter på biblioteket

VIST VEKK: Politiet fekk til slutt vist oteren vegen ut.

Foto: Gjert Myrestrand/Fjordenes Tidende /