Hopp til innhold

Måtte gripe inn og fjerne hestar etter dyremishandling

Avdelingssjef og veterinær i Mattilsynet, Rune Myklatun, såg ikkje anna råd enn at dei måtte fjerne to hestar frå eigaren etter det tilsynet kallar dyremishandling.

Rune Myklatun Mattilsynet

KRITISK: Veterinær i Mattilsynet, Rune Myklatun, fortel om fleire alvorlege tilfelle av dyremishandling.

Foto: Bård Siem / NRK

To gardbrukarar frå fylket er fråtekne retten til å ha husdyr etter vanskjøtsel og svelteforing av hestar og sauer. Hadde ikkje dei kritikkverdige forholda vorte oppdaga, kunne dyra døydd på bås, slår Mattilsynet fast.

– Det eine tilfellet gjaldt hestehald med dårleg foring, dårleg drift og vanskjøtsel av desse hestane over ein periode som gjorde at Mattilsynet tok hestane frå husdyreigaren. Som ei oppfølgjing av den saka, så er hesteeigaren ilagt aktivitetsforbod. Det vil seie at dei ikkje får ha dyr vidare, fortel Myklatun til NRK.

– Hestane var avmagra

Jamt og trutt blir det avdekt kritikkverdige forhold i norske fjøs. Slik også i Sogn og Fjordane. Inspektørane i Mattilsynet likte på ingen måten det dei såg då dei tidlegare i år besøkte eit gardsbruk der dei hadde hestar.

– Hestane var avmagra og i veldig dårleg tilstand då Mattilsynet greip inn og tok dei. Dyremishandling er slik vi vil skildre dette, slår Myklatun fast.

Fann vanstelte sauer

På eit anna gardsbruk vart det oppdaga 10 vanstelte sauer, og Mattilsynet sette ned forbod om dyrehald.

– Det også var vanskjøtsel over lang tid. Det er klart det er alvorleg når vi må fatte vedtak om aktivitetsforbod der folk ikkje får drive med dyr vidare. Det er ei alvorleg inngripen som vi sjeldan brukar, men det må brukast i enkelte tilfeller.

– Kunne dei dødd på bås?

– Eg er redd for at dei kunne ha gjort det. Politiet har vore involvert i nokon av desse sakene, men det har gått mest på å hjelpe Mattilsynet med å utføre arbeidet vårt, seier Myklatun.

Sjukdom er ofte årsaka

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, seier det oftast er sjukdom hos gardbrukaren som er årsaka til at dyra blir vanstelt.

– Generelt vil eg seie at det å gripe inn når folk ikkje lenger er i stand til å ta vare på dyra sine er det vi har Mattilsynet til. Det er også ei påminning til alle om ein også må passe på helsa til folk også. Det er ofte sjukdom eller ein form for psykisk belastning som gjer at folk ikkje er i stand til å ta vare på dyra sine.

Dei fleste er flinke

Myklatun i Mattilsynet fortel at dei aller fleste bøndene steller dyra på ein god måte, men at nokre få sviktar.

– Det vi ser i Sogn og Fjordane er litt todelt. Vi har mange flinke, oppgåande bønder. Men det er ei utvikling der nokon i eit lite mindretal dett litt igjennom. Det kan til dømes vere rusproblematikk, og eg er redd for at vi alltid vil slite med dette, konkluderer avdelingssjefen.