Hopp til innhold

Måtte flytte huset – sit att med kjemperekning

FJÆRLAND (NRK): For fem år sidan sneia eit stort snøskred huset til familien Berge i Fjærland. Dei fekk pålegg om å flytte til ein sikker stad. Det har dei gjort, og sit igjen med store kostnader som ingen vil ta.

Familien Berge sitt nye hus i Fjærland

PÅ TRYGG AVSTAND: Familien Berge sitt nye hus ligg på motsett side av dalføret i Fjærland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er frustrerande, seier huseigar Inge Berge.

Det står om over 700.000 kroner. Pengar familien Berge eigentleg ikkje skal betale, men som dei har måtte betale mens kommune og NVE diskuterer seg i mellom kven som skal ta rekninga.

Fekk ordre om å flytte

Inge Berge

LEI AV Å KJEMPE: – Det fysiske arbeidet med å opparbeide tomta var mykje lettare enn å få pengane vi meiner å ha krav på, seier huseigar Inge Berge.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I 2012 påla Sogndal kommune dei å flytte frå huset som låg i eit svært rasutsett område i Fjærland. I 2013 flytta dei inn i nytt hus i nærleiken, men framleis har dei pengar uteståande.

– Det er to problem. Vi har tilskotet frå NVE som kommunen skulle forskotere. Der nektar kommunen å betale ut dei resterande 21.000 kronene. Og så har vi den såkalla distriktsdelen. Den får vi ikkje på grunn av at rådmannen og NVE ikkje er samde om momsen. Dette er noko eg synest vi som tredjepart ikkje burde måtte oppleve, seier Berge.

Prislappen på flyttinga kom på 4.135.000 kroner. Det normale i slike saker er at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) dekkjer 80 prosent, mens kommunen, dekkjer dei resterande 20 prosentane gjennom ein såkalla distriktsdel.

Skred i Fjærland

NÆRE PÅ: Fleire slike skred førte til at familien fekk pålegg om å flytte frå huset nær Fjærland sentrum.

Foto: Hans Haugen

Måtte ta opp lån

NVE har betalt 80 prosent, men direktoratet og kommunen har ikkje blitt samde om korleis ein skal tolke momsreglane. I påvente av at styresmaktene blir samde seg i mellom, har familien Berge måtte ta opp over 700.000 kroner i lån for å betale dei resterande 20 prosentane av utgiftene dei hadde i samband med tvangsflyttinga.

Familiefaren fryktar dei ikkje får pengane dei har krav på.

– Eg har ikkje kalkulert med dei, for å seie det slik. Men eg spør etter noko eg meiner eg har rett på.

For fem år sidan sneia eit stort snøskred huset til familien Berge i Fjærland. Dei fekk pålegg om å flytte til ein sikker stad. Det har dei gjort, og sit igjen med store kostnader som ingen vil ta.

SJÅ TV-REPORTASJE: Vestlandsrevyen si sak om pengekrangelen i Fjærland.

Erkjenner at det har tatt tid

– Det er dessverre av og til slik i det offentlege, at når to ulike instansar, i dette tilfellet kommunen og NVE, at det er ting som må avklarast. Eg håpar det ikkje tek for lang tid, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Han stadfester at kommunen har fått søknaden om å dekke dei 20 prosentane som utgjer distriktsdelen av flyttekostnaden.

Jarle Aarvoll

TRUR PÅ LØYSING: Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll vedgår at det har tatt tid når kommunen og NVE skal bli samde om pengesummen kommunen skal betale.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er nokre spørsmål om moms som vi var lova svar på av NVE før jul, som har dratt ut i tid. Men søknaden vil bli handsama, lovar Aarvoll.

I mellomtida byrjar huseigaren, som sjølv har lagt ned mykje eigeninnsats på nye-tomta, å bli sliten av å kjempe for pengane.

– Det er tungt. Det er i alle fall ein seigare jobb enn å gjere alt det andre, med å rive gamlehuset og bygge nytt, seier Inge Berge.

Det har ikkje lykkast NRK å få intervju frå NVE i saka, men regiondirektør Brigt Samdal skriv følgjande i ein SMS:

«NVE arbeider framleis med saka og ventar på no ei intern juridisk vurdering i høve til saka. Det er ulike momsreglar for private og kommunen.»

Flyttar huset tre år etter raset

DEMONTERT: Sommaren 2014 vart familien Berge sitt hus i Skreda i Fjærland plukka ned bit for bit. I dag står berre grunnmuren att.

Foto: Eva Marie Felde / NRK