Hopp til innhold

Måtte flytte frå garden – no står tomta aude

Aud Sjøvold fekk seg ein psykisk knekk då ho måtte flytte frå garden hennar grunna oppstart av ein pelletfabrikk. Eit år etter er planane lagt på is.

Aud Sjøvold (56) utanfor den nye heimen hennar i Follebu

Aud Sjøvold (56) utanfor den nye heimen hennar i Follebu

Foto: PRIVAT

– Eg tykkjer det er rart at Senterpartiet som har som mål å bevare landbruk, sender vekk bønder. Men det er vel ikkje så nøye med slike som oss, seier Aud Sjøvold (56).

Saman med mor si, Astrid (79), måtte ho i fjor flytte frå garden deira på Håbakken i Lærdal. Tomta skulle nyttast til å bygge fabrikk. No står den tom.

Miste alt

Det var i 2016 at dei vart kalla inn til eit møte med kommunen som ville kjøpe garden deira. Sjøvold som flytta til garden på Lærdal i 1982 saman med familien, fortel at ho ikkje ville flytte.

– Me var i mot det. Og fekk oss advokat. Men til slutt hadde me ikkje noko anna val enn å skrive under på papira og gje frå oss tomta.

Den forlatte garden på håbakken

AUDE: Den forlatne garden på håbakken står tom inntil vidare.

Foto: Jan Christian Jerving

Årsaka til at kommunen ville kjøpe garden, var at SIMAS og Ecoinwaste hadde planar om å bygge pelletfabrikk på tomta. Ein slik fabrikk ville gitt opp mot 15 arbeidsplassar. Fabrikkplanane møtte stor motstand frå nærmiljøet, og det vart samla opp mot 600 underskrifter som reagerte på plasseringa av fabrikken.

For Sjøvold var det spesielt tungt å måtte forlate garden ho bygde opp saman med den avdøde far sin. Eit minne vart rive vekk.

– Det var jo forferdeleg for familien at me måtte gje slipp på garden og heimen vår, seier ho.

Sa opp jobben

Etter at alt vart endeleg byrja den tunge prosessen med å flytte frå garden. Med utflyttingsfrist sette til 10 oktober i fjor, vart til slutt belastninga for Aud så stor at ho i april valde å sei opp jobben ho hadde på sjukeheimen. Ho fekk seg ein psykisk knekk.

– Eg fann ut at det var best å seie opp jobben slik at det ikkje gjekk utover dei på sjukeheimen. Eg klarte rett og slett ikkje å vere på jobb med alle tankane eg hadde i hovudet.

Etter å ha forlaten garden valde Sjøvold å flytte frå Lærdal. 56-åringen som no er busett i Follebu i nærleiken av Lillehammer, orka ikkje å bu vidare i kommunen etter alt som hadde skjedd. At den planlagde pelletfabrikken som skulle byggast på tomta mest sannsynleg ikkje vert noko av, tykkjer ho er tungt å svelgje.

– Eg tykkjer det er forferdeleg å tenkje på at tomta no står tom og at me kunne budd der vidare. Me får verkeleg håpe det vert noko der ein gong, seier ho.


Eit nødvendig tiltak

Ordførar i Jan Geir Solheim (Sp) bekreftar at planane om pelletfabrikken på Håbakken er lagt på is. Han meiner likevel det var rett av kommunen om å tvangsflytte bøndene frå Håbakken.

– Det vart vedtatt i eit samrøystes kommunestyre tilbake i 2011 at denne tomta på håbakken skulle verte nytta som næringsareal. Dette vedtaket vart bestemt før det var snakk om noko pelletfabrikk, så denne handlinga skulle vorte gjennomført uansett.

Jan Geir Solheim

ANGRAR IKKJE: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), seier garden ville vorte overtatt av kommunen uavhengig av planane om pelletfabrikken.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Solheim meiner det er nødvendig for kommunen å ha tilgjengeleg ledig næringsareal dersom fabrikkar ynskjer å etablere seg i området, og at det var det dette eigentleg handla om.

– Det at nokon koplar dette mot eit spesifikt prosjekt vert heilt feil. Det er klart det var uheldig for dei som måtte flytte, men no har me eit areal tilgjengeleg til moglege næringsetableringar.

Tomrom

Sjøvold fortel at Solheim sjølv aldri var med på nokre av møta med henne og mora.

Hendingane har etterlate eit tomrom som kjem til å vere med ho i lang tid framover.

– Eg er glad far min ikkje fekk oppleve dette. Det hadde vore forferdeleg for han, seier Sjøvold.