Hopp til innhold

Måtte bestikke tollarane med edle dråpar

EID (NRK): Med konjakk under førarsetet, sette sjåfør Arve Naustdal kursen mot Italia i ein lastebil fullpakka med fersk fisk under sterkt tidspress. Noko som blei ei pionerreise innan langtransport.

Lastebilen til Arve Naustadal

LANGTUR: Denne lastebilen, som var ein hypermoderne Daf 1600 med 144 HK Leyland dieselmotor, køyrde Arve Naustdal og ein annan sjåfør gjennom Europa. Skapa var utstyrt med kjøttheng og tørrisaggregat.

Foto: Arve Naustadal

Arve Naustdal

DREIV TRANSPORTSELSKAP: Arne Naustdal (80) gjekk inn i faren sitt selskap Naustdal Auto A/S kring 1958 og bygde det opp til eit av dei store privateigde transportselskapa i Sogn og Fjordane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Året er 1964 og 27 år gamle Arve Naustdal skal køyre den aller første traileren med fersk fisk heilt frå Måløy til Italia. No venta fleire tusen kilometer på dårlege vegar og nokre uventa vanskar.

Det var den kjende fiskeeksportøren Jon Skaar i Måløy som i samarbeid med Naustdal Auto, ville prøve slik banebrytande eksport lenge før det kom skikkelege kjøleanlegg på trailerane. Fram til den tid hadde den ferske fisken blitt køyrd i vanleg lastebil til Oslo, lasta om bord i Kielferja og deretter omlasting der før fisken blei frakta vidare til kontinentet. Dette førte til at transporten tok lang tid og fisken tapte seg i kvalitet.

– Skaar ville prøve å få til direkte transport utan omlasting. Lasta vi hadde var fersk pigghå som var fiska på kysten av Sogn og Fjordane.

– Så det var ikkje ei standard reise?

– Nei, vi måtte bruke tørris som vi kjøpte undervegs. Men vi hadde ikkje anna, for kjøleaggregat kom ikkje før seinare. Men med tørrisen fekk vi kjøling på nokolunde skikkeleg måte.

– Kor mange dagar hadde de til å berge fisken i fersk tilstand?

– Det var rekna at vi skulle vere framme måndag eller tysdag, men det blei så mykje komplikasjonar at vi blei eit døgn forseinka, fortel Naustdal.

Lastenbilen til Arve Naustdal

DAF 1930-MODELL: Før Naustdal Auto fekk termobil, blei denne nytta til langtransport. Her er bilen i Tyskland, lasta med anna gods.

Foto: Arve Naustdal

Fekk ikkje køyre søndagen

Arve Naustdal hyra inn ein ekstra sjåfør og fisken blei lasta i Måløy ein torsdag. På denne tida var det ikkje råd å køyre over Strynefjellet om vinteren, difor gjekk turen om Åndalsnes på veg mot Oslo.

– Vi køyrde inn på ferja og var framme i Kiel laurdag føremiddag. Då byrja den lange etappen. Det var då turen eigentleg starta.

På den tida var det ikkje lov å køyre gjennom Tyskland med lastebil på søndagar.

– Vi fekk søndagsløyve i Kiel, for vi skulle gjennom heile landet mot grensa til Austerrike.

Motoren i lastebilen var på om lag 150 hk. Når lasta var rundt 14 tonn, seier det seg sjølv at det ikkje kunne gå særleg fort. Og uansett var vegane ikkje eigna for høg fart. For 53 år sidan var ikkje vegane på autobahn slik vi kjenner dei i dag.

– Tyskarane hadde bygde vegen til å frakte krigsmateriell og det var mykje brustein. Vegen var humpete, så det var travelt å køyre. Det var asfalt nokre stader, men det var mykje brustein og betong.

Måløy - Milano

Då konjakken kom til nytte

Søndag morgon var dei framme i byen Kufstein på grensa til Austerrike. Også her måtte dei ha løyve for å kunne køyre på ein søndag, men det fekk dei ikkje.

– Her blei vi ståande i mange timar, for vi fekk ikkje køyre før kl. 22 om kvelden. Vi gjekk der og trakka. Klokka 17 gjekk eg inn på tollarkontoret og spurde om vi kunne starte tidlegare, men svaret var nei.

Så kva skulle dei gjere? Naustdal gjekk ut att. I bilen hadde han to flasker konjakk som låg under setet.

– Før vi reiste hadde ein kar sagt til meg at eg burde ta med god konjakk. Det kan hende du får bruke for den, sa han til meg.

Difor tok han fram dei to flaskene, la dei i ein pose og gjekk inn på kontoret til tollsjefen.

– Eg spurde pent om vi ikkje kunne få starte å køyre. Då han forstod kva som var i posen, smilte han og sa vi kunne starte kl. 18.

Tok ein kasse med pigghå

Etter mange timar med venting, kunne dei to karane endeleg sette seg bak rattet att. Turen gjekk gjennom Brennerpasset, som går langs grensa mellom Austerrike og Italia. Men då dei kom til Brenner venta nye utfordringar, for det var fleire som ville ha gode.

– Her skulle det vare kontroll av fisken og ein veterinær skulle vere der for å gi oss stempel. Men han var ikkje på plass og vi måtte berre vente. Difor måtte eg ringe Jon Skaar i Måløy for å seie at vi blei forsinka.

Til slutt kom veterinæren. Han forlangte at dei skulle ta ut ei kasse frå bilen.

– Han snuste på fisken, smilte og alt bar preg av at dette var OK, men så sette han kassen tilsides. Eg sa eg ville ha fiskekassen tilbake, slik at eg kunne sette han på plass og plomberer bilen att. Men nei, kassa var hans. Det blei ingen stempel om han måtte levere fisken tilbake. Eg blei litt forbanna, men slik var det. Vi blei klarerte og kunne køyre vidare.

Fylte lastebilen med eple

Siste del av turen gjekk utan hindringar, sjølv om tåke og ukjende vegar gjorde det vanskeleg å finne fram.

– Eit døgn forseinka kom vi omsider fram til Milano. Vi hadde vore i ei verd for oss sjølv, for på den tida hadde vi jo ikkje mobiltelefonar til å halde kontakt omverda med. Men det var ein sjanse å ta, og for oss var dette ei pionerreise.

Etter at pigghåen var levert, var det å setje kursen tilbake til Norge. Men først henta dei eple i Verona som skulle til Gartnerhallen.

Bilen gjekk som ei klokka og laurdagen leverte vi epla i Ørsta. Då var det godt å vere heime att, mimrar 80-åringen.

Her kan du høyre Arve Naustdal fortelje om turen:

Kirsten og Arve Naustdal

ALLSIDIG LASTEBIL: Her står Arve Naustdal og kona Kirsten framfor ein Mercedes 1955-modell med firehjulstrekk. Den blei nytta til å frakte masser frå tomta til heradshuset i Eid. dette var også brøytebilen i mange år.

Foto: Privat