Hopp til innhold

Mathias sel juletre for å hjelpa fattige på Filippinane

To dagar før jul er det ikkje fleire tre att.

Mathias Tvedt

UTSELD: To dagar før jul er varelageret til Mathias Tvedt heilt tømd. 20 prosent av omsetninga går til fattige på Filippinane.

Foto: JONN KARL SÆTRE / KVINNHERINGEN

– Det var berre fem små tre att, dei gir vi til Kvinnherad frivilligsentral, seier Mathias Tvedt (14) frå Valen i Kvinnherad.

NRK får tak i 14-åringen søndag føremiddag. Han har seld juletre ved butikken på Valen sidan 11. desember. Eigentleg skulle han byrja dagen før, då var det storm.

– Men dei siste dagane har det vore mellom 10 og 14 grader. Det var fint, seier Mathias.

Slum overalt

Han fekk ideen etter å ha besøkt Ma Ma Children's Center of Norway på Filippinane i fjor.

– Det var noko heilt anna enn i Noreg. Det var slum overalt, fortel Mathias.

Mathias Tvedt

BESØK: Mathias på barneheimen til Ma Ma's på Filippinane. Besøket gjorde eit stort inntrykk.

Foto: PRIVAT

Farfar Ove Tvedt og farmor Grete Tvedt har vore aktiv i hjelpeprosjektet i mange år, skriv Kvinnheringen som først omtalte juletreverksemda til barnebarnet deira.

– Eg trong pengar. Men pappa hadde seld juletre då han var liten. Så då kom eg på at eg kunne gje 20 prosent til Ma Ma's, seier Mathias.

Hugs på desse juletreråda

Han fekk faren til å transportera trea til Valen frå ein bonde i Rogaland. Dei lokale kundane har gjeve han mange gode tilbakemeldingar.

– Ein av dei sa at han ville ha kjøpt treet om det så berre hadde vore ein pinne att på det, sidan det gjekk til ei så god sak, seier Mathias.

I dag gjer han opp rekneskapen: 44 juletre er selde. Brutto omsetning: Om lag 12.000 kroner.

– Kva for råd har du til juletrekjøparane?

– Ikkje ta det inn i huset med ein gong, dei visnar fortare viss det går for kort tid mellom kulde og varme. Og så må du skjere litt av botnen for at vatnet skal koma seg opp stammen, seier Mathias.

– Er det noko ekstra med det å tena sine eigne pengar?

– Du kjenner at dei kan brukast til noko meir enn snop på butikken, seier Mathias.

Utvidar forretninga

Pappa Njål Tvedt er stolt av guten.

– Det er kjekt når dei vil tena sine eigne pengar og samstundes har hjarta til å tenkja på andre enn seg sjølve. Det er viktig i dagens samfunn, seier han.

Neste år utvidar Mathias businessen.

– Då skal heile familien selja, med endå fleire trær, seier han.