Hopp til innhold

Mathias Dyngeland og Bård Finne på landslaget

Brann-spelarane Mathias Dyngeland og Bård Finne er tatt ut i a-landslagstroppen i fotball.

Landslaget skal møte Skottland og Kypros til EM-kvalifisering 17. og 20. juni.

Det er første gang sidan 2014 at ein Brann-spelar er tatt ut til i ein a-landslagstropp. Då fekk Erik Huseklepp sine to siste kampar på landslaget.

For Bård Finne er det første gang han blir tatt ut. Keeper Mathias Dyngeland var med i Lars Lagerbäck sin landslagstropp tilbake i 2017, den gong som Sogndal-spelar.

Landslagssjef Ståle Solbakken har latt seg imponere over Finne sine prestasjonar denne sesongen:

– Han har prestert godt over tid. Dette er et signal om at det nyttar. Eg såg han i Danmark for Sønderjyske. Da hadde eg ikkje sett huset mitt på at han skulle vere i ein landslagstropp, seier landslagstrenar Ståle Solbakken.

Sjå heile troppen her.

Bård Finne og Mathias Dyngeland etter landslagsuttak
Foto: Cato Kristensen / NRK