– Det er heilt forferdeleg. Er det rett at dei hiver vekk millionar med kroner på denne måten, spør grunneigar Atle Aalvik.
Tre nye master må opp, og to må fjernast i fjellet over Øystese.
Traseen justert
Statnett bygde mastene gjennom Hardanger, frå Simadal til Samnanger, men oppdaga aldri at Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) hadde justert traseen etter innspel frå grunneigarar.
Ved Nystøl i Øystese arbeider dei derfor med å demontera to master.
– Når me står oppe ved stølen, ser me den eine masta som ikkje skulle vera der, seier Aalvik.
Han er glad for at Statnett no ordnar opp.
– Me har kjempa for dette sidan planleggjingsstadiet, seier Aalvik.
I ARBEID: Statnetts Svein Erik Fjellstad og grunneigar Atle Aalvik diskuterer planane for flytting av master i Hardanger.
Foto: EVEN NORHEIM JOHANSEN / NRKDobbel pris
Endringa skulle kosta 15 millionar kroner. No er prisen det dobbelte: 30 millionar kroner.
– Vi har gjort feil i denne saka, og vi rettar opp våre feil, seier Elisabeth Vardheim, konserndirektør for bygg og anlegg i Statnett.
Grunneigarane sa først nei til å la mastene stå, men opna seinare for å forhandla.
– I utgangspunktet skulle kostnaden vore unngått.Grunneigarane har etterpå kome til at det kunne vore greitt at mastene blei ståande. Då var det for seint å forhandla, seier seksjonsleiar Øyvind Leirset i NVE.
– Vi hadde akseptert å la mastene stå med ein riktig kompensasjon, seier Aalvik.
Dei foreslo halvparten av den opprinnelege kostnaden i kompensasjon.
Istadenfor kostar flyttinga no fire gonger så mykje.