Hopp til innhold

Massevelt i sykkelritt

To personar måtte til sjukehus.

Frå starten av Jølster Rundt.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ved Årdalen i Jølster skal mellom 10 og 15 syklistar ha gått i bakken i hovudfeltet under Jølster Rundt, skriv firda.no .

Tolv med i massevelt

- Tolv ryttarar var involverte i massevelten. Det er noko som kan skje i eit så stort felt med 50-60 mann, seier Aage Aaasen som er leiar for Førde Cykleklubb, til NRK Sogn og Fjordane.

I følgje Aasen vart to personar sende til sjukehus, den eine med ribbeinsbrot. Den andre har truleg brote armen.

- Farten har vore mellom 40-45 km/t. Det er klart at skadene kan bli slik det vart, seier han.

Ikkje uvanleg

Aasen deltok sjølv i rittet.

- Vi har vore skåna frå dette tidlegare år. Men når det er så mange ryttarar er det ikkje uvanleg at slikt skjer, seier han.

Det var ni menn som kom inn på bestetida, 2:06:12: 1. Espen Helgeland (Mædicinernes sykkelklubb) 2. Bernt Ullebø (Sogn CK), 3. Stig Engen (Sogn CK), 4. Ole Marius Gloppestad (Eidsfossen sykkel), 5. Jon Inge Kusslid (Førde CK), 6. Sondre Austreim (Sogn CK), 7. Cato Indrebø (Førde CK), 8. Inge Årdal (Førde CK) og 9. Anders Lundemo Moritsgård (Sogn CK).

Dameklassen vart vunne av Anne Marie Sve Mandelid frå Førde på tida 2.18,47.