Maskert mann braut seg inn i bank

Like før klokka 02.30 natt til tysdag vart det utløyst ei rekke alarmar ved Sparebank 1 sitt bygg i Krinkelkroken i Bergen sentrum. – Ein maskert person var observert inne i bygget. Vi fekk sikra utsida, og trefte på ein kjenning av politiet inne i bankbygget. Han hadde fått med seg fleire iPhonar, ei datamaskin og kontorrekvisita, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre. Den 38 år gamle mannen sit i arresten, og vert avhøyrd tysdag.

Laster Twitter-innhold