Hopp til innhold

Martin er drit lei kattar som gjer frå seg i hagen hans

FLORØ (NRK): Martin Malkenes er lei av kattar som brukar hagen hans som toalett. – Avføring frå kattar kan vere ein trussel for folkehelsa, innrømmer Dyrebeskyttelsen.

Martin Malkenes

FORTVILAR: Martin Malkenes har prøvd det meste for å halde kattar unna den dyrka maten i hagen. – Ingenting hjelper, seier han.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

«Dei drit i hagen min. Ikkje berre i blomsterbedet, men der eg dyrkar mat», skriv Martin Malkenes i eit mykje delt innlegg i Bergens Tidende.

Frustrasjonen oppstod etter at han og familien byrja å dyrke mat i hagen.

– Etter kvart byrja kattar å dyrke avføring på same stad.

Verken netting, glas eller skiljeveggar greidde å halde målbevisste kattar unna grønsakene, og til slutt kontakta han politiet.

Men heller ikkje der var det hjelp å få.

– Ifølgje politiet har eg ingen rettar.

– Trugar folkehelsa

Åshild Roaldset forstår frustrasjonen til Malkenes. Ho er dagleg leiar og veterinær i Dyrebeskyttelsen Noreg, og seier at dårleg kattehald kan bli ein trussel for folkehelsa.

– Når det vert mykje avføring, så vert det eit folkehelseproblem. Då er det viktig at kommunen og Mattilsynet kjem på bana og ryddar opp i problemdyrehald, seier ho.

Åshild Roaldset

– Når det vert mykje avføring, så vert det eit folkehelseproblem, seier Åshild Roaldset i Dyrebeskyttelsen Noreg.

Foto: Håkon Sparre

Katter er hovudvert for ein eincella parasitt som kallast Toxoplasma gondii. Når katten blir smitta for første gang, kan den i ein kortare periode skilje ut store mengder av parasitten i avføringa.

Som regel gjennomgår katten denne infeksjonen i ung alder. Dermed er det i hovudsak kattungar og unge katter som er smitteførande.

Folkehelseinstituttet (FHI) skriv på sine nettsider at kjæledyr også kan vere berarar av smittestoff som kan overførast til oss menneske, men at «dei fleste kan førebyggast ved handvask».

– Grip ikkje inn

Roaldset seier at kommune, politi og Mattilsynet har klare roller og eit viktig ansvar i forhold til mishald av dyr.

Seniorrådgjevar i Mattilsynet Sunnfjord og Sogn, Terje Ramstad seier at det er lite dei kan gjere.

– Vi forstår at dette kan vere eit problem, særleg i tettbygde strok. Men så lenge dyra ser ut til å ha det bra og dei har eigarar, så grip ikkje vi inn.

Mattilsynet skriv på sine sider at dersom kattar er eit ordensproblem, så kan ein kontakte politiet.

Er det snakk om eit helse- og miljøproblem, må ein kontakte helsetenesta i kommunen, skriv dei.

Tar livet av småfuglar

I tillegg til smittefaren er Malkenes oppteken av fuglelivet.

Svenske studiar viser at kvar katt i snitt tar livet av ti fugl i året. Overført til Noreg vil det seie at 770.000 norske huskattar tar livet av millionar småfuglar kvart år.

Norsk Ornitologisk Forening anslår at katter i Noreg drep over 7 millionar småfuglar kvart år.

Kattar er rovdyr som går rundt utan lover og reglar og gjer akkurat som dei vil. Kvifor stiller ingen spørsmål ved dette, spør Malkenes, og legg til:

– Eg meiner bestemt at dersom du tek på deg det ansvaret så må det også følge med visse regler.

– Må gjere ein innsats

Åshild Roaldset i Dyrebeskyttelsen Noreg seier at dersom kattehaldet er bra, så vil ikkje folk oppleve store problem.

Ho påpeiker at ved å Id-merke og kastrere katten, ha kattedo inne og nok mat tilgjengeleg så vil store delar av problemet vere løyst.

– Vi må gjere ein innsats for at det skal vere eit godt kattehald som ikkje berre tek vare på katten, men som også tek omsyn til naboar og ville dyr.

Stripepus hos Dyrebeskyttelsen Hedmark.

LEIK: – Kattar jaktar mest ved daggry og skumring, seier Åshild Roaldset i Dyrebeskyttelsen Noreg. Ved å halde katten inne og leike med den vil den ikkje ta så mange fuglar.

Foto: Susanne Njølstad Skandsen