Hopp til innhold

Martin Andresen? Nei takk!

Sportssjef Håvard Flo avsannar oppslaget i VG i dag om at Sogndal Fotball skal vere interessert i Martin Andresen som spelar.

Martin Andresen

IKKJE NOKO FOR SOGNDAL: Martin Andresen.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Verdens Gang skriv i papirutgåva si i dag at to lag, mellom dei Sogndal, er interesserte i å ta imot Martin Andresen som spelar dersom han vel å gjere comeback.

Håvard Flo hadde ikkje lese Verdens Gang då NRK ringde han, men lett humrande kunne han slå fast at journalisten må ha misforstått han.

– Eg uttalte meg på heilt generelt grunnlag om det er mogeleg for Martin Andresen å kome tilbake som spelar på toppnivå. Eg sa at det var mogeleg dersom han har den gutsen som skal til. Eg sa ikkje noko om at Sogndal Fotball er interessert i Andresen.

Håvard Flo la sjølv opp som spelar i 2008, men gjorde comeback og spelte i 1. divisjon for Sogndal til 2010, 40 år gamal.

(Artikkelen held fram under biletet).

Håvard Flo

GJORDE COMEBACK SJØLV: Håvard Flo trena seg oppatt og spelte til han var 40 år gamal.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Ikkje noko tema

I VG står det at både Stabæk og Sogndal står klare til å ta imot Martin Andresen om han gjer comeback som toppspelar. Det stemmer ikkje for Sogndal sin del, seier Håvard Flo.

– Vi har mange gode og interessante spelarar som vi har lyst å utvikle, så hjå oss er det ikkje noko tema å hente Martin Andresen til Sogndal.

35 år gamle Martin Andresen har ikkje spelt fotball på toppnivå sidan august 2009, men han har spelt i 2. divisjon for Follo medan han har vore trenar for Vålerenga. No er det klart at han er ferdig som Vålerenga-trenar etter denne sesongen, og det å gjere comeback som spelar er eitt alterantiv han tenkjer på.