Hopp til innhold

Martin (80) mista gifteringen i snøen i 1967

Ein dag i 1967 spadde han vekk snø i hagen og mista gifteringen. Denne veka fekk Martin ringen tilbake på fingeren.

Martin Skomsøy med sin gjenfunne giftering

ENDELEG: Gifteringen til Martin Skomsøy forsvann i 1967 og vart funne på ein overraskande stad i 2009, men først denne veka fann finnaren fram til eigaren.

Foto: Karoline Nordgulen / Avisa Nordhordland

Vinteren 1967–68 er svært snørik. Ein januardag står Martin Skomsøy og mokar for harde livet i hagen i Alvermarka i Nordhordland.

Då kvelden kjem, oppdagar han at gifteringen ikkje er der lenger.

Gullringen borte i snømassane. Dei leitar. Også då våren og sommaren kjem. Utan hell.

Bryllupsbiletet til Martin Skomsøy i Knarvik, som fekk att gifteringen etter 55 år.

FØR FORSVINNINGA: Margot og Martin forlova seg i 1963 og gifta seg i 1965.

Foto: Privat

Gullringen på parkeringsplassen

Over førti år seinare er Lena Cecilie Brynhildsen ein tur på butikken i kommunesenteret Knarvik.

På parkeringsplassen utanfor Rema 1000 ser ho noko som blenker. Ein gullring med inskripsjon på.

Din Margot. 12.11.63

Inskripsjon i Martins giftering

Ho gir beskjed til butikken og til politiet, men ingen melder ringen sakna.

Lena Cecilie Brynhildsen med Martin Skomsøy sin gjenfunne giftering

OMSIDER LEVERT: Brynhildsen la ringen i smykkeskrinet sitt og venta, før den etter kvart hamna i gløymeboka.

Foto: Karoline Nordgulen / Avisa Nordhordland

Då ho tidlegare i år flyttar til Sotra, tar ho ei opprydding i smykkeskrinet og finn ringen.

Ho tenker at kanskje Facebook i 2022 fungerer betre enn ein lapp på Rema i 2009.

Og jammen meg.

Anne Lise Ullebø kontaktar Brynhildsen. Ho var nabo til Margot og Martin i 20 år og trur ringen må vera Martin sin.

Margot lever ikkje lenger, men Martin er blitt 80 år og bur no i Knarvik.

Avisa Nordhordland fortel om saka både før og etter at Lena Cecilie får kontakt med Martin.

Eit mysterium

Tysdag 25. oktober har Brynhildsen tatt turen til Knarvik.

– No skal eg levera gifteringen tilbake til Martin. Eg gler meg. Eg høyrde kor glad han blei då eg ringde og fortalde det. Han har sakna ringen i så mange år, så det skal bli godt, seier ho.

Og ho er nysgjerrig.

– Korleis ringen har hamna på denne parkeringsplassen er eit mysterium. Det er jo heilt utruleg.

I terrassedøra si står Martin Skomsøy og smiler.

Lena Cecilie Brynhildsen og Martin Skomsøy med hans gjenfunne giftering

FINNAREN: – Hei. Her er ringen din, seier Lena Cecilie Brynhildsen.

Foto: Karoline Nordgulen / Avisa Nordhordland

Han trur nesten ikkje det han ser.

– Dette hadde eg aldri drøymt om. Eg trudde du tulla då du ringde. Var heilt sikker på at nokon dreiv ap med meg.

– Like trong

Då han får ringen i hendene, er han rask med å få den inn på ringfingeren.

– Det kjennest godt. Den er like trong enno.

Han konstaterer at ringen er stram å få av, akkurat som den gongen for 55 år sidan.

– Eg hugsar at eg heldt handa ned i fryseboksen for å få ringen av. Så sette eg ringen på veslefingeren i staden. Det var det som gjorde at eg mista den.

Martin Skomsøy sin gjenfunne giftering
Foto: Karoline Nordgulen / Avisa Nordhordland

Skomsøy fortel om dagen då det skjedde.

– Eg dreiv og moka snø. På hendene hadde eg ullhanskar med avklipte fingrar. Eg merka ikkje at ringen var vekke før eg gjekk inn for kvelden.

Martin fortel at særleg kona leitte lenge.

– Ho for og leitte om våren og sommaren nede i alle rosene, men me rekna med at ei skjor eller kråke hadde tatt ringen opp i reiret. Dei tar jo alt som er blankt.

Så glimra ringen med sitt fråvær i førti år, før Brynhildsen såg den ligga og blenka på asfalten.

Framleis ei gåte

Men at ringen dukka opp på parkeringsplassen i Knarvik – fleire kilometer frå der Margot og Martin budde i Alvermarka?

Skomsøy meiner han kan ha vore ein tur på butikken før han drog tilbake for å moka vidare. Han oppdaga ikkje at ringen var borte før han var ferdig med arbeidet for dagen.

Martin Skomsøy med sin gjenfunne giftering

SAKNA: Etter 55 år er ringen er tilbake på fingeren til Martin Skomsøy. Like trong som før, konstaterer han.

Foto: Karoline Nordgulen / Avisa Nordhordland

Men er mysteriet no likevel heilt løyst?

I 1967 var det verken Rema-butikk eller parkeringsplass der Brynhildsen fann ringen i 2009. Alle som kjenner Knarvik, veit at kommunesenteret har vore gjennom store ut- og ombyggingar dei siste femti åra. Det meste er grave opp og forandra.

Uansett om Skomsøy mista den i hagen sin eller på ein snartur i butikken, er det vanskeleg å sjå føre seg korleis ringen dukka opp der på asfalten.

Kan ein liten rakkarunge eller ei ramn ha funne ringen i Alvermarka og mista den att i Knarvik? På 1960-talet eller 2000-talet? Kan telehiv eller ein gravemaskin ha flytta gullringen opp av bakken?

Svaret på gåta er ikkje det viktigaste for 80-åringen.

– Dette var skikkeleg moro. Hadde ikkje trudd det gjekk an. Eg trur det eigentleg framleis ikkje.

Lena Cecilie Brynhildsen og Martin Skomsøy

TO GLADE: Historia gav både finnaren og eigaren glede.

Foto: Karoline Nordgulen / Avisa Nordhordland