– Det siste døgnet har vore heilt forferdeleg, seier 19-år gamle Olai Kvamme-Humlestøl.
Han er ein del av eit bilmiljø i Florø. Fredag kveld fekk han høyre at ein kompis kanskje var involvert i ei trafikkulykke.
Kvamme-Humlestøl reiste til ulukkesstaden. Der ringde og ringde han for å få tak i vennen sin.
Det gjorde han ikkje.
– Eg måtte finne ut kven det var og vere heilt sikker på kven det var. Det var heilt forferdeleg.
Laurdag samla fleire titals personar seg på ulykkesstaden der tre ungdommar mista livet i trafikkulykka på riksveg 5 i Florø natt til laurdag.
Kvamme-Humlestøl mista vennen sin i bilulukka i Florø. I ettermiddag samla lokalsamfunnet seg for minnestund og bilkortesje.
Foto: Truls KleivenDei omkomne var i slutten av tenåra og i starten av tjueåra og budde i Kinn, Sunnfjord og Bergen kommune.
No har bilmiljøet i Florø samla seg for minnestund og bilkortesje. Kvamme-Humlestøl meiner den store folkemengda viser kor godt samhald det er i miljøet.
– Når det skjer noko alvorleg er alle her for å støtte kvarandre.
Bilkortesje etter ulukka.
Foto: Truls Kleiven– Dette er noko av det vondaste som kan skje, seier sokneprest Erling Bakke Nydal.
Som prest er oppgåva hans å vere til stades, høyre på og sørgje med dei frammøtte. Han rosar ungdommane for å ha tatt initiativ til minnemarkeringa.
– Vi har så grådig behov for å gjere noko i ein så håplaus situasjon:
– Det er så tragisk at ungdom i sin beste alder blir rivne vekk, seier han.
Blomster og lys blei lagt på staden kor dei tre ungdommane omkom.
Foto: Truls KleivenBlir følgde opp av kriseteam
Ordførar i Kinn, Ola Teigen, kallar ulukka ein ufatteleg tragedie og seier ho har gjort sterkt inntrykk i lokalsamfunnet:
– Dei som møter opp er sterkt prega og har behov for å snakke om hendinga, vere saman og tilarbeide sorga.
Kommunen sitt kriseteam følgjer opp dei pårørande. Kriseteamet var også på markeringa for å snakke med ungdom.
Ordførar Ola Teigen (til venstre) saman med sokneprest Erling Bakke Nydal i Kinn kommune og innsatsleiar Brann, Robert Endestad.
Foto: Truls Kleiven– Eg ser at redningspersonell som var med i natt er her og fortel om sine opplevingar og har behov for å snakke, seier Teigen.
Florø kulturhus er opent slik at dei som treng å snakke med nokon, kan møtast der.
Også i Førde i Sunnfjord blir det ei minnemarkering i kveld, får NRK opplyst av ordførar Jenny Følling.
Uklart kva som har skjedd
– Det siste no er at kriminalteknikarane er i ferd med å gjere seg ferdige på staden. Det er eit oppryddingsarbeid der før dei går vidare til å undersøke ulykkesbilen, seier politioverbetjent Wenke Hope ved Florø politistasjon.
Etterforskinga vil halde fram både teknisk og taktisk i morgon og inn i neste veke.
– Vi gjer oss ferdige med det mest tekniske i dag og held fram med vidare avhøyr og taktisk etterforsking i morgon.
Dei omkomne blir obduserte i neste veke.
I ei pressemelding som politiet sende ut tidlegare i dag, bad dei vitne om å ta kontakt. Dei skreiv at hendingsgangen framleis ikkje er klarlagd.
Det ein veit er at naudetatane fekk melding om ei trafikkulukke kor den eine bilen hadde tatt fyr, klokka 22.45 fredag kveld. Om lag 15 minutt seinare melde 110-Vest på X (tidl. Twitter) at brannen var sløkt.
Vaktkommandør Helge Lund i 110-Vest opplyste då til NRK at dei ikkje hadde oversikt over om alle var ute av køyretøya.
Totalt var fem personar var involverte.
Laurdag kveld er politiet i ferd med å avslutte dei kriminaltekniske undersøkingane på staden.
Foto: Truls KleivenBilen som dei tre ungdommane sat i blei utbrent. I den andre bilen var det ein mann i 50-åra og ei kvinne i 40-åra som blei sende til sjukehuset i Førde med luftambulanse og ambulanse. Dei skal ha fått lettare skadar.
Pårørande til dei tre ungdommane blei varsla natt til laurdag.
Laurdag er politiet i gang med krimtekniske undersøkingar på staden.
Foto: Ole Kristian Svalheim– Ingenting er så meiningslaust som når unge menneske går bort i ei trafikkulykke, seier ordføraren i Kinn, Teigen.
Olai Kvamme-Humlestøl håpar at lokalmiljøet samlar seg på samfunnshuset i Florø for å prate og vere saman.
– Det er fint å ha nokon å prate med.