Hopp til innhold

Marinefartøy kolliderte med fritidsbåt

KNM «Olav Tryggvason» koordinerte bergingsoperasjonen av KNM «Helge Ingstad». I ettermiddag kolliderte skipet med ein 15 fots plastbåt i Hjeltefjorden. Skipet overtok ansvaret for bergingsaksjonen fredag.

Fritidsbåten om kolliderte med KNM "Olav Tryggvason"

Slik ser plastbåten ut etter kollisjonen med KNM «Olav Tryggvason».

Foto: Politiet

Hovudredningssentralen melde frå om kollisjonen klokka 16:03 sundag ettermiddag.

Ein båt frå marinen, KNM «Olav Tryggvason» og ein 15-fots plastbåt med to personar om bord hadde kollidert.

Fritidsbåten fekk store skadar i samanstøyten.

Politiet opplyste fyrst at dei to i småbåten hadde falle i sjøen, men politiet avkrefta seinare dette.

Plastbåten og dei to om bord vart heiste opp i KNM «Olav Tryggvason», der dei fekk tilsyn av helsepersonell

Her er Kystvaktskipet på vei ut fra basen på Ågotnes etter kollisjonen med en småbåt.

Her er Kystvaktskipet på veg ut frå basen på Ågotnes etter kollisjonen med ein småbåt.

Det var VG som fyrst omtalte saka.

Laster Twitter-innhold
KNM Olav Tryggvason på veg ut frå Ågotnes i Fjell kommune etter kollisjonen sundag kveld.

GÅR TIL HAAKONSVERN: KNM «Olav Tryggvason» på veg ut frå Ågotnes i Fjell kommune etter kollisjonen sundag kveld.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Kolliderte midt mellom Askøy og Toftøyna

KNM «Olav Tryggvason» hadde normal besetning om bord då skipet la i veg sørover Hjeltefjorden sundag ettermiddag. I fritidsbåten var to sivile menn på 51 og 44 år på båttur.

Operasjonsleiar Dag Olav Sætre seier at kollisjonen skjedde midt i Hjeltefjorden, rett aust frå Trovika.

Data frå Marine Traffic viser at skipet kom rett frå området der KNM «Helge Ingstad» ligg. Der har det vore med i bergingsoperasjonen.

KNM «Olav Tryggvason» heldt jamn fart på 8–9 knop sørover gjennom Hjeltefjorden, før han kolliderte med det vesle, sivile fartøyet.

Ruta KNM Olag Tryggvason fylgde før frå Stura

DETTE VAR RUTA: Slik siglde KNM «Olav Tryggvason» frå område rundt fregattvraket ved Stura og til kollisjonen austom Toftøyna.

Foto: MARINETRAFFIC / SKJERMDUMP

Politiet har ingen indikasjonar på at fritidsbåten har vore i området rundt fregattvraket, slik det tidlegare vart opplyst.

Hadde ansvaret for bergingsarbeidet

Forsvaret overtok ansvaret for ulukkesstaden ved Stura i Øygarden frå politiet på fredag.

– KNM «Olav Tryggvason» har delteke i vakthaldet og har vore brukt som kommandofartøy i arbeidet med å redda KNM «Helge Ingstad», seier Brynjar Stordal, pressetalsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Sundag hadde skipet fått avløysing, og om ettermiddagen la det kursen mot marinebasen Haakonsvern.

– Veldig uheldig

– Det er veldig uheldig at det skjer to kollisjonar med marinefartøy i same området på så kort tid, seier Brynjar Stordal ved Forsvarets operative hovudkvarter.

pressetalsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter

VELDIG UHELDIG: Pressetalsmann Brynjar Stordal ved Forsvarets operative hovudkvarter synest ingenting om at det skjedde nok ein skipskollisjon i Hjeltefjorden der eit marinefartøy var innblanda.

Foto: FOH/Forsvaret

Han legg vekt på at desse to skipskollisjonane er separate hendingar.

– Me synest ingenting om at me har to slike hendingar så nært kvarandre i tid. No er Statens havarikommisjon for forsvaret varsla i denne saka òg.

Veit ikkje om det vil påverka Ingstad-granskinga

Pressekontakt Håkon Sitre i Statens havarikommisjon for Forsvaret, stadfester at dei er informerte om ulukka. Dei har sendt to personar til ulukkesstaden.

– Avhengig av kva informasjon som er tilgjengeleg, vil dei koordinera med Sjøforsvaret og eventuelt snakka med personalet som var om bord på KNM «Olav Tryggvason».

Vil dette kunne komplisera den pågåande undersøkinga av ulukka som involverte KNM «Helge Ingstad»?

– Det er det ikkje grunnlag for å svara på i dag, seier Sitre.

Gjekk til kai ved Ågotnes

Etter kollisjonen heiste KNM «Olav Tryggvason» om bord småbåten og gjekk til kai ved CCB-basen på Ågotnes i Fjell kommune.

KNM Olav Tryggvason

NY SKIPSKOLLISJON: KNM «Olav Tryggvason» kolliderte med ein fritidsbåt i Hjeltefjorden sundag ettermiddag.

Foto: Emil Gaden / Sjøforvaret

Politiet har i kveld vore om bord i marinefartøyet og snakka med besetninga. Dei har òg snakka med dei to i fritidsbåten.

Det vart teke prøver av alle involverte. Politiet seier at dei ikkje har indikasjonar på at nokon var ruspåverka.

Ein av dei to i fritidsbåten vart lettare skadd i kollisjonen. Begge vart frakta til legevakta for sjekk.

– Politiet kjem til å oppretta sak på hendinga, for å finna ut om det har skjedd noko straffbart, opplyser operasjonsleiar Dag Olav Sætre.

KNM Olav Tryggvason er 50 meter og veg 791 tonn. Forsvaret seier at skipet normalt vert brukt som logistikkfartøy for marinen.