Hopp til innhold

Marianne Hestetun scora 12 mål åleine, men det heldt ikkje til siger

ÅRDAL (NRK): Jotun gjekk torsdag kveld på eit sviande 20–29 tap mot Kjøkkelvik i den avgjerande kampen om 10.-plassen i 2. divisjon.

Marianne Hestetun scorar på straffe

LYSPUNKT: Marianne Hestetun scorar eitt av sine sju straffemål, tolv totalt, i lagnadskampen mot Kjøkkelvik. Det var likevel ikkje nok til å hjelpe laget til siger.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Dermed ligg Jotun no på 11.-plass, og altså under nedrykksstreken. Med det i bakhovudet klarer heller ikkje veteranen Marianne Hestetun å gle seg over at ho sjølv kunne notere seg for heile 12 scoringar i kampen.

– Nei, det er klart at det blir ikkje det same, det hadde vore kjekkare med 12 mål i ein kamp vi hadde vunne, og kanskje berga ein plass i 2. divisjon. Men slik vart det ikkje.

Må ha hjelp

Sjølv om det i kveld enda med tap mot Kjøkkelvik og Jotun no ligg under nedrykksstreken, så er ikkje alt håp ute.

– Det er det berre tida som vil vise, vi har ein kamp igjen som vi skal spele på laurdag. Og så er det nokre andre faktorar som kan påverke biletet, seier trenar Oli Sveinsson.

Oli Sveinson tek tapet med fatning

TRENG HJELP: Etter tapet i kveld innser jotuntrenar Oli Sveinson at dei treng hjelp frå fleire lag for å unngå nedrykk.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

For skal Jotun no overleve i 2. divisjon er dei avhengige av at Viking bergar plassen i 1. divisjon og at avdelingsvinnaren frå 2. divisjon, Førde eller Fyllingen, rykker opp.

Må få opp spelarstallen

– Det har vore tungt å vere Jotunspelar ei stund, både med tanke på kvar vi har lege på tabellen, og med den spelarstallen vi har hatt, seier Hestetun.

For Jotunspelarane er det i ferd med synke inn at torsdagens kamp kanskje var den siste i 2. divisjon på ei stund.

– Eg må seie at eg og tenke litt slikt at kanskje er det der vi høyrer heime. Kanskje er det på tide å rykke ned å byrje med blanke ark igjen, seier Hestetun.