Hopp til innhold

Marianne er verje for mindreårige flyktningar: – Dei er som ungar flest

Marianne Stegane frå Eikefjord kjem tettare på dei mindreårige flyktningane enn dei fleste. Ho fortel om det ho meiner er eit meiningsfullt arbeid.

Asylsøker

VANSKELEG: Det kan vere utfordrande å komme som mindreårig flyktning. Marianne Stegane er ei av dei som vil gjere situasjonen best mogleg for asylsøkjarane.

Foto: NRK

Det er ikkje få gonger ein har høyrt om behovet for verjer for einslege, mindreårige flyktningar denne hausten.

Marianne Stegane er ei av dei som tok på seg oppdraget med å ta seg av flyktningane og ta vare på rettane dei har her i landet.

Marianne Stegane

VIL HJELPE: Det er eit stort ansvar, men meiningsfullt, å skulle vere verje for mindreårige flyktningar, ifølgje Marianne Stegane. Ho er ein av dei mange som har blitt nemnd opp til verje.

Foto: Privat

– Då eg vart verje tenkte eg at dette må vere veldig spennande å vere med på. Utfordrande òg kanskje, ja, men det har vore svært lærerikt så langt. Ein blir kjend med desse ungdomane på ein heilt annan måte, fortel ho.

Har vore eit stort behov

Fylkesmannen har ved fleire høve gått ut i media for å fleire til å melde seg som verjer. Aldri før har det vore eit så stort trykk på Norge som ved flyktningstraumen i år. Mange kjem til landet heilt åleine, og Stegane vedgår at det er eit stort ansvar å vere verje for dei.

– Dei har kome den lange vegen åleine utan foreldre eller andre nære pårørande, så det er klart at det har vore store påkjenningar for mange av dei, seier ho.

For å kunne kommunisere med ungdomane er ho avhengig av tolk.

– Ein del av dei snakkar kanskje litt engelsk, så vi kan så vidt kommunisere litt. Men skal vi ha ein samtale så lyt vi bruke tolk og då må vi planlegge litt fordi det er så mange ulike språk, fortel Stegane.

Gledde seg veldig til norsk jul

Ho opplever ikkje flyktningane som noko særleg annleis enn norsk ungdom.

– Dei er som ungdom flest. Nokre er opne og utadvende og har lett for å prate og er veldig kontaktsøkande. Andre er meir reserverte og held seg meir i bakgrunnen.

Og for første gong i år har flyktningane som Stegane er verje for, fått oppleve norsk julefering.

– Dei har gledd seg veldig. Då juletreet kom inn i stova og dei skulle ha pinnekjøt og få pakkar, så synest dei dette var veldig fint. Dei har sett på den norske jula som noko veldig fint å få vere med på og oppleve, seier ho.

Stegane meiner det er eit svært meiningsfullt arbeid ho er med på som verje.

– Eg er veldig glad for å få vere med og gjere ein innsats for dei som verkeleg treng det. Dei har også dyktige tilsette på omsorgssentera, så i samarbeid med dei så prøvar vi å gjere kvardagen så trygg og fin som den kan vere for dei.