Hopp til innhold

Maria (21) skal setje eigen kropp i kunstig overgangsalder

Maria Eide Nøstdal har sjukdommen endometriose. Snart skal ho skru den biologiske alderen sin 30 år fram.

Maria Eide (22) skal setje kroppen i kunstig overgangsalder. Endometriose

SISTE UTVEG: Maria Eide Nøstdal har sjukdommen endometriose. Ho har prøvd alt, men har framleis like vondt. No er siste håp å setje kroppen i kunstig overgangsalder.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Ofte ligg eg i ein blodpøl og vrir meg i smerter. Det kan vare i tre veker i strekk.

Maria Eide Nøstdal sit i senga si heime på jenterommet i Måløy. Her brukar ho nærast all si tid, ofte saman med ein varmepose og dyna breidd godt over seg.

Maria har den usynlege sjukdommen endometriose. Den delar ho med kvar tiande kvinne.

– Det kjennest ut som at ti knivar blir vridd om i livmora mi, fortel ho.

Ho har vore gjennom operasjon og gått på tablettar for å få bukt med smertene, utan hell. No står berre ei behandling igjen: Å få kroppen til og tru at den er halvvegs i livet.

Snart skal ho skru den biologiske alderen sin 30 år fram.

maria endometriose
Endometriose er ein tilstand kor vev veks utanfor livmora. Det kan føre til blødningar og sammenvoksing av vev på ulike organ i magen og bekkenet.
Endometriose
Sjukdomen kan vere vanskeleg å diagnostisere. Typiske symptom er smerte ved menstruasjon og vanskar med å bli gravid.
maria
I dag er hormonpreparat som til dømes p-piller einaste behandling. Målet er å hindre menstruasjonen for å stoppe plagene.
FOTO: PRIVAT

– Kvinnehelse ikkje sexy nok

Maria er ei av rundt 260.000 norske kvinner som lever med den kroniske tilstanden. Til samanlikning har 300.000 nordmenn diabetes.

Likevel tek det i snitt sju år før diagnosen endometriose blir gitt.

– Den største likestillingsutfordringa i 2021 er kvinnehelse.

spesialrådgivar, Elisabeth Swärd.

–Eg har hatt tallause rundar innom sjukehus. Berre fastlegen min tok meg på alvor.

Gong på gong vart ho sendt heim med nye reseptar på eit drøss ulike hormon, smertestillande og morfinpreparat for å lindre smertene.

– Den største likestillingsutfordringa i 2021 er kvinnehelse, seier Elisabeth Swärd, spesialrådgivar i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Ho er medlem i det ferske regjeringsoppnemnde utvalet som skal forske på kvinner si helse i eit kjønnsperspektiv. Førre gong dette vart gjort var i 1999.

Swärd meiner kvinnehelse har låg status.

– Kvinnehelse er ikkje sexy nok. Det er mange og store kunnskapshol på fagfeltet, særleg underlivssjukdommar. Dei er forbunde med skam, stigma og skuld, understrekar ho.

Swärd meiner behandlingstilbodet til desse pasientane er langt ifrå godt nok.

maria eide endometriose
Spesialrådgivar Elisabeth Swärd meiner endometriose går hardt utover livskvaliteten.
– Du kan bli oppblåst, trøytt, få feber, psykiske plager og smerte ved samleie. Endometriose tek over kroppen din.
Endometrioseforeningen meiner sjukdommen kostar samfunnet 13 milliardar årleg.
FOTO: SELINE LARSEN / NRK

Sveitta ut laken og sengetøy

Etter tallause sjukehusbesøk stod Maria framleis utan svar.

– Eg vart ikkje trudd av venner, familie eller lærarar. Det har vore tøft.

Først då ho bytta sjukehus fekk ho tilbod om operasjonen som krevst for å avdekke endometriose. I kikholsoperasjonen snittar ein hol i magen og fører eit kamera inn i buken.

Anne Veddeng er gynekolog på Haukeland universitetssjukehus. Ho seier magesmerter hos kvinner kan vere komplisert å finne ut av.

– Det er fortvilande å ha vondt utan å vite kvifor. Veldig mange blir engstelege, forklarar Veddeng.

Målet med all behandling er å stoppe menstruasjonen.

Ein måte å stoppe menstruasjonen på når andre medisinar ikkje fungerer er å setje kroppen i kjemisk overgangsalder. Då blokkerer ein kroppen sin eigen hormonproduksjon.

– Behandlinga er effektiv, men tøff. Den kan gi psykologiske lidingar, og alle alternativ bør vere prøvd først.

Dersom ein lukkast med behandlinga vil smertene i stor grad forsvinne. Sjansen for å få barn blir heller ikkje mindre.

– Vi seier at denne behandlinga er reversibel. Det betyr at kroppen går tilbake etter avslutta behandling, seier ho.

Maria starta på prosessen i februar 2020. Lista med biverknader er lang.

Pandemien slo innover Noreg like etterpå, og oppfølgingstimane hos sjukehuset vart utsett gong på gong.

– Eg kjende meg ganske aleine, seier Maria.

Sprøytene sende henne inn i månader med hetetokter og ein kropp i ubalanse. På ein time var både laken og sengetøy gjennomvått av sveitte.

– Sidan oppfølginga vart utsett kvar gong hoppa eg av behandlinga. Det er kjipt å tenke på at det var forgjeves, fortel ho.

Det betyr at kroppen hennar igjen er 21 år, og ho må starte prosessen på nytt.

– Eg gruar meg heilt enormt, sidan eg veit kva som ventar.

Kunstig overgangsalder sprøyte endometriose
Smerte som følgje av endometriose kan forekomme så lenge ei kvinne er i fruktbar alder.
For å framskunde overgangsalderen kan ein mellom anna injisere medikamentet goselerin i magen.
Dette må ein gjere kvar 28. dag, i opp til seks månader.
FOTO: PRIVAT

Ei heftig berg-og-dal-bane

For Maria var det ei stor lette å få svar i form av ein diagnose. Men ti år med ulike tablettar har sett kropp og sinn ut av spel.

– Eg har vore ei heks mot mine næraste.

Både psykisk og fysisk helse har vore gjennom det ho beskriv som ei heftig i berg-og-dal-bane. Og karusellturen tek aldri slutt.

For mamma Merethe var det tungt å høyre kor vondt dottera har hatt det.

– Foreldre der ute må ta døtrene sine på alvor, seier ho.

Maria Eide og Merethe Eide

FOTO: SELINE LARSEN / NRK

No ventar ein ny runde med sprøyter. Maria skal gå på behandlinga som gjer henne 30 år eldre i tre til seks månader.

– Eg har jo ikkje lyst ... Dessutan trur eg ein til og med kan få grå hår, seier Maria.

Ho dreg på smilebandet.

Håpet om ein kvardag utan smerte held henne oppe. Kanskje sluttar den evige berg- og dalbana her.

– Mitt største ønske er at blødingane stoppar. Eg vil flytte heimanfrå, utdanne meg og begynne å jobbe. Det hadde vore fantastisk, seier ho.

Hei!

Har du ris, ros eller tips etter å ha lest denne saka? Send oss gjerne ein e-post. 

Vi behandlar all informasjon konfidensielt.