Hopp til innhold

Gifta seg på Trolltunga: – Ei god unnskyldning til å ta med folk vi er glade i på tur

Mari Prestegård og Maria Erichsen Ordemann var blant 20 par som gifta seg på Trolltunga før helga.

Mari og Marie seg på Trolltunga

– Vi får løfte litt på kjolane. Mari og Maria brukte fjellsko då dei skulle manøvrere seg opp og ned nokre jernstigetrinn ut til Trolltunga. Men før sjølve tunga fann dei fram finskoa.

Foto: Yrjan Olsnes / yrjan olsnes

Det bles friskt i slør og brudekjolar, og tidsvis var skydekket faretruande lågt.

Men utsikta innover Ringedalsvatnet stod seg då Mari og Maria gifta seg på Trolltunga i Hardanger torsdag kveld.

– Gratulera, no kan de kysse, sa ordføraren og til jubel og applaus frå godt påkledde tilskodarar.

Mari Prestegård og Maria Erichsen Ordemann gifter seg på Trolltunga.

Mari og Maria frå Ullensvang kommune er det første lokale paret som giftar seg på Trolltunga.

Foto: Yrjan Olsnes

– Det blei både giftarmål og ei fin oppleving, så det er vinn-vinn, seier Mari Prestegård etterpå.

– Først tulla vi litt med det. Så tenkte vi at det kunne var fint å gjere det på ein fjelltopp eller på fjellet. Så såg vi at Ullensvang kommune arrangerte, og då hoppa vi litt på det, seier ho.

– Det engasjerte oss meir enn vi trudde først. Så er det ein god unnskyldning til å ta med folk vi er glade i på tur, seier kona Maria.

Mari og Marie gifter seg på Trolltunga

Mari og Maria gifta seg til hardingfelespel og spektakulær utsikt.

Foto: Katya Graf Zolotova

Dei er det første lokale paret frå Ullensvang kommune i Vestland som giftar seg på Trolltunga.

– Eg visste ikkje at dei var eit par, men ein får kanskje eit ekstra glimt i auget når det er folk vi kjenner litt frå før, seier ordførar Roald Aga Haug.

Les også 13 par ble viet på to timer på Trolltunga: – Veldig romantisk

Trolltunga fellesbilde og brudepar

– God noregsreklame

Det er fjerde året ordføraren vigslar folk på turistattraksjonen, og kvart år det ny rekord. I fjor kom 13 par, i år var det 20.

Dei fleste para kom frå ulike stadar i Europa, og eitt par kom heilt frå Costa Rica til turistattraksjonen. Først må dei traske nokre timar opp, og så må dei gå ned att etterpå også.

– Dei set veldig pris på og takkar oss for at vi gjer dette. Dette er god noregsreklame, seier Haug.

Sjå dei spektakulære bileta frå vigslane i biletkarusellen under.

Vielse på Trolltunga
Foto: Katya Graf Zolotova
Alexander Joseph og Agnieszka Zastepa fra Skottland giftet seg på Trolltunga 21. juni.
Foto: Katya Graf Zolotova
Vielse på Trolltunga
Foto: Katya Graf Zolotova
Vielse på Trolltunga
Dan Schneider og Diana Popa fra Frankrike og Romania giftet seg på Trolltunga 21. juni.
Sofia Rodriguez og Jorge Cerdas fra Costa Rica gifter seg på Trolltunga.
Foto: Katya Graf Zolotova
Vielse på Trolltunga
Foto: Katya Graf Zolotova
Vielse på Trolltunga
Vielse på Trolltunga
Foto: Katya Graf Zolotova
Vielse på Trolltunga
Foto: Katya Graf Zolotova

Mari og Maria var blant para som vigsla seg alt i 17-tida torsdag.

– Det er litt kaldt, men det går veldig bra. Eg trur vi er dei varmaste på denne klippa. Det skuldast nok det vi har vore med på, held ho fram, der dei står i dei kvite brudekjolane, seier Mari.

Andre par venta til sola steig fredag morgon.

Men om natta var vêret så dårleg at ordføraren også måtte overnatte på fjellet, då helikopteret ikkje kom seg fram. Nokre sov i telt, andre i mobile brakker som artisten Kygo lét stod att etter filmopptak på Trolltunga nyleg.

– I sjutida var det strålande sol og nydeleg ver, fortel Haug.