Den unge mannen hugsar sjølv lite frå den spontane festen i april i fjor. Allereie før han og medstudentane gjekk til utestaden var han overstadig rusa.
Etter å ha kjøpt og konsumert den første halvliteren på utestaden, «gjekk det i svart».
Lang kø, dårleg stemning
Fram til han vakna neste morgon gjorde mannen seg skuldig i to brot på straffelova, var innom politistasjonen før han sovande vart køyrt heim.
Opptakta skjedde i køen utanfor utestaden. Politiet skildra ei lang kø av utolmodige rusae personar, det var dårleg stemning, skrik, skrål og knuffing.
På veg framover i køen hamna tenestemennene frå ordensmakta i konfrontasjon med studenten, som nekta å sleppe dei forbi.
Slo og sparka
Mannen serverte ei rekkje ukvemsord og truslar medan politiet førte han inn i lokala og sette han i handjarn.
Han retta også femti slag og ti spark mot polititenestemannen.
I retten erkjende han delvis straffskuld. Det kom også fram at han kontakta politiet med det same han vart kjend med kva som hadde skjedd.
10.000 kroner i bot
Mannen er tidlegare ustraffa og har aldri før vore i kontakt med politiet. Sidan hendinga for snart halvanna år sidan, har han vore forsiktig med inntak av alkohol.
Påtalemakta la ned påstand om fengsel i 21 dagar, men retten meinte fengsel i 30 dagar og 10.000 kroner i bot var meir passande.
Han slepp å sone fengselsstraffa så sant han held seg på rette side av lova dei neste to åra.