Hopp til innhold

Mann velta på motorsykkel

Ein mann i 20-åra vart sendt til sjukehus etter at han velta på motorsykkel i Stryn. Naudetatane kom til staden, og mannen vart teken hand om av helsepersonell. Han er ikkje kritisk skadd, men var medvitslaus ei stund og vart sendt til sjukehus for observasjon. Mannen fekk førarkortet kverrsett.