Mann varetektsfengsla i stor amfetaminsak

Politiet rullar opp det som kan vere eit større amfetaminnettverk. Ein mann i 40-åra har sidan slutten av mai sete varetektsfengsla med brev- og besøksforbod.

Politihuset i Florø

STORT BESLAG I SOGN OG FJORDANE: Den sikta i saka har forklart at han kjøpte 300 gram amfetamin til eige bruk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Etter lengre tids etterforsking vart mannen pågripen i Nordfjord med kring 300 gram amfetamin, 11.000 kroner, brukarutstyr og fleire SIM-kort.

Politiet meiner beslaga i saka talar for at mannen er blanda inn i narkotikaomsetnad, og at det er fleire medskuldige.

Lang fengselsstraff

Mannen, som er heimehøyrande i Møre og Romsdal, vart opprinneleg sikta for grovt narkotikabrotsverk, som omfattar «svært betydeleg mengde». Han risikerer fengsel i mellom tre og 15 år dersom han blir funnen skuldig.

Saka er stor i Sogn og Fjordane-målestokk. Amfetaminbeslaget har ein verdi på kring 150.000 kroner og svarar til kring 1.500 brukardosar.

Den sikta vedgår å ha kjøpt kring 300 gram amfetamin, men hevdar dette var til eige bruk. To andre personar skal ha vore med på å betale for stoffet. Han har også forklara seg om konkrete turar på Aust- og Vestlandet for å kjøpe amfetamin.

Fryktar vald

Siktinga mot mannen er seinare utvida til også å gjelde mellom anna sal av amfetamin. Mellom anna vel 40 gram til namngjevne personar. Av frykt for å bli utsett for alvorleg vald namngjev ikkje mannen medskuldige eller leverandørledd.

Politiet fryktar at mannen kan øydeleggje bevis, eller påverke vitne. Ved alle tre fengslingane har dei difor bede retten om å få fengsle mannen med brev- og besøksforbod.

Fleire kan bli arresterte

Det står framleis att eit omfattande etterforskingsarbeid for å kartlegge andre involverte partar, leverandørar og eventuelle andre som kan knytast til det politiet meiner er mannen si narkotikaverksemd.

Politiet har sikra seg ei stor mengde informasjon i saka som dei no analyserer og set i system. Dei kan ikkje sjå bort frå at fleire personar blir arresterte i saka.

Politiadvokat Inger Beth Fosse seier saka er under etterforsking og vil av den grunn ikkje kommentere saka. Forsvarar Erling Flisnes ynskjer heller ikkje å kommentere saka.