Hopp til innhold

Mann varetektsfengsla i Sogn

Ein mann i 50-åra frå Sogn er varetektsfengsla i fire veker. Mannen vart pågripen i førre veke, og er sikta for truslar, skremmande og plagsam framferd, samt krenking av besøksforbod mot sin tidlegare ektefelle. Truslane var retta dels direkte mot kvinna, men også til henne via felles barn og familiemedlem.