Mann varetektsfengsla for blotting

Bergen tingrett har sagt ja til å varetektsfengsle ein mann (24) i fire veker for seksuelt krenkande åtferd etter ni tilfelle av blotting dei siste to månadane. Han blei arrestert i januar og no i helga, og skal i varetekt grunna fare for gjentaking.