Mann truleg omkommen

Ein mann er truleg omkommen etter at han fall over bord frå passasjerferja «Stavangerfjord» utanfor Mandal i natt. Ferga var på veg frå Hirtshals til Bergen via Stavanger då ulykka skjedde. Det er blitt lett etter mannen i natt utan resultat. Redningsaksjonen er no avslutta.

Passasjerferge fra Fjordline
Foto: Erik Johansen / NTB scanpix