Hopp til innhold

Mann treng hjelp på Finse

Røde Kors er på veg med to snøskuterpatruljar for å hjelpe ein mann i 30-åra som treng hjelp for å kome vidare frå Finnsbergvatnet på Finse. Mindre skred og utrygg is gjer det krevjande å halde fram, skriv politiet på Twitter. Mannen er uskadd, og skal ha både mat, gode klede og mobildekning.