Tiltalt for å ha gjort overgrep då barna sine venninner var på overnatting

Ein mann frå Bergen er tiltalt for seksuelle overgrep mot åtte mindreårige jenter. Politiet skal ha funne bevis for overgrepa på mannen si datamaskin.

Politiadvokat Magne Kvamme Sylta

FAMILIEFAR TILTALT: Statsadvokat Magne Kvamme Sylta tok ut tiltalen mot ein familiefar i 40-åra førre veke. Mannen frå Bergen skal ha gjort seg skuldig i grove seksuelle overgrep mot åtte jenter under 10 år i ulike periodar mellom 2011 og 2013.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det er ei alvorleg sak. Dei mest alvorleg forholda har opp til 21 års strafferamme, seier statsadvokat Magne Kvamme Sylta.

I ei pressemelding om tiltalen skriv dei at tiltalen gjeld seksuelle overgrep mot åtte mindreårige jenter «(...)samt produksjon og oppbevaring av bilde og film som viser seksuelle overgrep mot barn. Overgrepa skal ha funne stad under overnatting i den tiltalte sin heim.»

Den tiltalte er ein familiefar i 40-åra frå Bergen, og ofra skal anten vera i familie med den tiltalte, eller venninner av dottera hans.

Alle barna var under 10 år då overgrepa skjedde.

– Grove og gjentatte overgrep

– Tiltalen som er tatt ut er svært omfattande, og beskriv grove og gjentatte overgrep mot små jenter, seier bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs.

Bevisa byggar blant anna på funn av bilde og film som var lagra på den tiltalte sin PC, står det i pressemeldinga.

– Det er også tatt ut tiltale for valdtekt for sju av dei små barna, der ein legg til grunn at dei har sove eller vore ute av stand til å motsetta seg handlinga, seier Eikeseth Mjøs.

Meld til politiet i 2013

Oppnøstinga av saka starta i november 2013. Etter at foreldra til eit av barna melde mannen til politiet, beslagla politiet mobil- og datautstyr.

Først over eitt år seinare blei materialet gått igjennom, og politiet fann fleire bilde som viser overgrep mot fleire mindreårige, skreiv Bergens Tidende i fjor.

Mannen blei pågripen i mars 2015.

– Det ligg i saka sin natur at dette har vore ei stor belastning for dei involverte og familiane deira. Dei er letta over at etterforskinga er over, og at tiltalen er tatt ut, seier Eikeseth Mjøs.