Hopp til innhold

Mann tiltalt etter hending natt til 18. mai

Mannen som skal ha slått til personar i Strandgaten i Bergen natt til 18. mai i år, er tiltalt for handlingane sine.

Det skriv Bergensavisen.

Under ei valdshending i Strandgaten blei ein eldre mann slått i bakken av ein yngre mann.

Hendinga blei filma, og på filmen kan ein sjå at andre også er til stades. Ein mann låg på bakken då mannen i 60-åra blei slått ned.

– Det ser frykteleg stygt ut, sa mannen til NRK då han hadde sett videoen.

Til Bergens Tidende seier politiadvokat Camilla Moe at mannen er tiltalt for ein post som gjeld kroppsskade og to som gjeld kroppskrenkingar.

Hovudforhandlinga er sett til 25. juni, og politiet har bedt om at den sikta mannen blir varetektsfengsla fram til det.

Ein mann i 20-åra slo ned to andre menn i Strandgaten i Bergen natt til 18. mai 2024. Eit vitne filma hendinga.

Såg to bli slått ned: – Tenkte eg var vitne til drap

På ein video går ein mann rett i bakken, etter å ha fått ein knyttneve i ansiktet. No er ein mann i 20-åra sikta for vald.