Hopp til innhold

Opplevde rasisme på open gate: Zahraa (20) filma medan ho tok til motmæle

Zahraa Sahib takkar for all støtte ho fekk på gata og sosiale medium etter hendinga midt i Bergen sentrum.

Zahraa Sahib

TRAKASSERT: Zahraa Sahib vart sjikanert på gata i Bergen.

Foto: Privat

20-åringen var i helga på veg heim frå skulen etter å ha henta eit par bøker.

På bussen sat ein eldre mann og stirra på henne. Han følgde etter ho då ho gjekk av bussen.

Sahib er vanlegvis roleg til sinns, men etter fleire tilrop og skjellsord frå mannen rann begeret over. Ho tok opp mobilen for å konfrontera han.

NB: Sterke inntrykk!

Zahra Sahib reagerte spontant og filma mannens rasistiske utsegner.

Zahra Sahib reagerte spontant og filma mannens rasistiske utsegner.

Har ikkje opplevd liknande før

Sahib syns det heile var svært ubehageleg. Ho filma i tilfelle situasjonen skulle eskalera.

– Han kom veldig nære meg, seier Sahib.

Fleire på gata hadde på dette tidspunktet lagt merke til krangelen, og konfronterte mannen.

20-åringen Sahib er norsk statsborgar, og studerer på Høyskolen Kristiania i Bergen. Ho er fødd i Bagdad i Irak, men er oppvaksen i Noreg.

– Eg var berre ute ein tur. Ein skal ikkje ha denne frykta, seier ho bestemt.

Etter at ho la videoen ut på Instagram, har ho fått mykje støtte og tilbakemeldingar frå heile landet, av både kjenningar og ukjende.

– Det set eg stor pris på. Det får meg til å tenka at det er mange gode menneske i verda, seier ho.

Sahib planlegg å melda hendinga til politiet.

Støtterklæring

Støtterkæringar

Støtteerklæring
Støtterklæring
Støtterklæring

– Skal ikkje skje i Bergen

Videoen som Zahraa la ut, har skapt reaksjonar. Byråd for kultur, mangfald og likestilling, Eline Haakestad frå Miljøpartiet dei Grøne, seier ho blir opprørt.

– Dette skal ikkje skje i Bergen. Videoar som dette viser at me framleis har ein stor jobb å gjera med å overvinna diskriminering og rasisme i Bergen og i Noreg, seier Haakestad.

Byutviklingsbyråd i Bergen, Eline Haakestad (MDG)

UAKSEPTABEL: Byråd for kultur, mangfald og likestilling, Eline Haakestad (MDG), meiner slik oppførsel er uakseptabel.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Kva tiltak må gjerast for at dette blir slått ned på?

For å overvinna rasisme og diskriminering trengst det systematisk arbeid, både på lokalt og nasjonalt nivå. Byrådet la i førre veke fram handlingsplan mot diskriminering av og hat mot muslimar, nettopp for å vidareføra, styrka og starta tiltak for å slå ned på rasisme.

– Tar hatkriminalitet på høgste alvor

I 2020 har 65 tilfelle av hatkriminalitet blitt melde til politiet berre i Vest politidistrikt.

Pål Tore Haga er fagleiar for det førebyggande arbeidet mot radikalisering til valdeleg ekstremisme i Vest politidistrikt.

Han vil ikkje kommentera enkeltsaker, men legg vekt på at førebygging av hatkriminalitet er ein viktig del av politiet sitt arbeid.

Pål Tore Haga, Vest politidistrikt

FØREBYGGING: Pål Tore Haga i Vest politidistrikt seier dei ser alvorleg på slike hendingar, og jobbar med førebygging.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Fagleiaren seier at dei jobbar tett med Bergen kommune for å førebygga hatkriminalitet og radikalisering.

Politiet sin hovudstrategi er å vera i forkant av kriminalitet og uønskte hendingar. Det gjer me best ved å ha godt forankra samarbeid og samhandling med kommunen, moskeen og andre aktørar, seier Haga.

Sahib avsluttar med at ho neppe er åleine om desse opplevingane, og at det var godt å gi mannen beskjed.

– Eg stod ikkje berre opp for meg sjølv. Det var for alle muslimske jenter og gutar som ikkje seier i frå. Alle utlendingar som opplever slikt, bør seia i frå, avsluttar Sahib.