Mann slo fleire 17-åringar

Ein mann i 40-åra vart i natt pågripen på Isdalstø i Lindås, sikta for kroppskrenking. Mannen skal ha slått til fleire 17 år gamle jenter, som kom med same nattbuss. – I tillegg skal ein mann i midten av 20-åra, som ringde politiet og melde frå, ha blitt slått til. Mannen i 40-åra sit i arresten og vil bli avhøyrd i løpet av dagen, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Laster Twitter-innhold