Hopp til innhold

Mann slått i hovudet med flaske

Ein mann i slutten av 50-åra er sendt til Haukeland universitetssjukehus, etter at han blei slått i hovudet med ei flaske i ein bustad på Melkeplassen i Bergen. Ein mistenkt mann i slutten av 20-åra er arrestert etter hendinga, som vart meld til politiet like etter klokka 05. – Den mistenkte vart gripen av politiet i ei leilegheit like ved, utan dramatikk. Forholdet mellom dei to er førebels ukjend. Den fornærma har fått kuttskadar i hovudet, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.