Mann skal ha trua med kniv

Politiet rykka ut til ei privat adresse i Paradis i Bergen etter meldingar om bråk like over midnatt. To personar som delte leilegheit skal ha krangla og det vart blant anna knust ein glasbord. Det var ingen skadde, men ein mann i 40-åra vart innsett i varetekt etter at han skal ha trua med kniv.