Hopp til innhold

Mann skal ha blitt knivstukken i Luster

Politiet melder at ein mann i 50-åra, klokka 17.36, melde om at han var blitt knivstukken i hals og eit handledd. Mannen har opplyst at det var fire ungdommar som angreip han i eit skogholt utanfor sentrum av Gaupne.

Ungdommane skal alle ha vore iført finlandshetter.

Dei fire mistenkte sprang frå staden.

Fleire politipatruljar er sendt mot Gaupne. I tillegg deltar ambulanse- og brannmannskap. AMK har rekvirert redningshelikopter frå Florø.

Fornærma har blitt varetatt av helsepersonell, og er brakt til Haukeland universitetssjukehus i helikopter.

Det er uvisst skadeomfang.

Politiet har komme i kontakt med alle dei mistenkte. Dei har også funne kniven som har blitt brukt.

Politiet gjer vidare undersøkingar for å finne fram til dei tre andre mistenkte. Kriminalteknikk frå politiet er varsla og i dialog med innsatsleiar på staden.

Politiet gjer tekniske og taktiske undersøkingar på staden.

Det er framleis klart korleis hendinga skjedde.

Knivstikking i Luster

Fem personar er sikta etter knivstikking

Ein mann melde om at fire ungdommar med finlandshette hadde knivstukke han i eit skogholt utanfor Gaupne sentrum i Sogn. Fem blei seinare sikta.