Hopp til innhold

Familie sov då huset byrja å brenne. No er ein mann sikta for å ha tent på

Ein mann i 30-åra vart fredag kveld pågripen av politiet og sikta for å eldspåsetting etter ein bustadbrann i Bergen 13. januar. Politiet vil fengsle mannen.

Brann i Loddefjord

BRANN: Politiet meiner brannen i Bjørndalsbakken i Loddefjord 13. januar i år var påsett.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Mannen vart pågripen på bakgrunn av opplysningar som kom fram i samband med etterforskinga, seier Sven Arne Dahl-Michelsen som er påtaleansvarleg i Vest politidistrikt.

Søndag opplyser politiet om at mannen blir framstilt for varetektsfengsling måndag. Politiet håpar også dei får gjort avhøyr med mannen då.

– Så har vi sikra videomateriale frå overvakingskamera i området, fortel Dahl-Michelsen.

Mannen er enno ikkje avhøyrd, og det vil heller ikkje bli gjort avhøyr i dag. Han har ikkje tatt stilling til det han er sikta for, men har hatt samtale med forsvararen sin.

Trur han har sett fyr på utsida

Klokka 03.59 fredag 13. januar i år vart naudetatane varsla om at det brann i ein einebustad i Loddefjord i Bergen.

Det brann i kledning, og brannen hadde også spreidd seg til takkonstruksjonen.

– Vi meiner det er grunnlag for å mistenke han for å ha sett fyr på huset frå utsida av, seier Dahl-Michelsen.

Pågripen utan dramatikk

Den sikta mannen i 30-åra vart pågripen heime hjå seg sjølv i ein bustad i Bergen.

– Arrestasjonen gjekk roleg for seg, og han samarbeidde med politiet.

Forsvararen til mannen, Ellen Eikeseth Mjøs, seier ho førebels ikkje har kommentarar til saka. Det er ikkje kjent korleis mannen stiller seg til siktinga, som gjeld paragraf 355 i straffelova, framkalling av fare for allmenta.

Mannen er kjent for politiet frå før, men aldri sikta eller domfelt for brannstifting tidlegare, opplyser Dahl-Michelsen til NRK.

Politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen

POLITIADVOKAT: Sven Arne Dahl-Michelsen er politiadvokat på saka der ein mann no er sikta for å tent på bustaden i Loddefjord natt til 13. januar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Skal kartlegge mogleg motiv

Ein familie på sju låg og sov i huset då brannen starta, men desse kom seg ut av huset. Politiet vil førebels ikkje seie noko om kva relasjon det er mellom den sikta mannen og familien som var i huset.

– Dette er noko av det vi ønskjer å spørje den sikta om i avhøyr, seier Dahl-Michelsen.

At det var folk i huset mannen er sikta for å ha tent på gjer saka ekstra alvorleg.

– Siktinga er alvorleg og har ei strafferamme på 15 års fengsel.

Politiet arbeider no med å prøve å kartlegge eit mogleg motiv. Søndag vil ikkje Dahl-Michelsen kommentere om dei er kome noko nærare eit svar på det.

– Det er av omsyn til at vi ikkje har fått avhøyrd han enno.

Letta over arrestasjon

Familien som budde i huset er letta over at politiet har pågripe ein person.

– Forhåpentlegvis kan dei sove litt lettare nå framover, seier bistandsadvokat Kjetil Ottesen, og legg til at politiet har gjort et godt etterforskingsarbeid i saka til no.

Ottesen seier huset ikkje til å bu i, og at familien difor ikkje har fått flytte heim igjen.