Hopp til innhold

Mann sikta for å ha tent på eigen bustad i Bergen

Ein mann i 30-åra er pågripen etter bustadbrann i Bergen. Politiet trur mannen har sett fyr på huset.

Brann Breistein

BRANN: Brannvesenet blei møtt av kraftige flammar på utsida av huset på Breistein nord i Bergen i natt. Mannen som budde i huset blei seinare pågripen av politiet.

Foto: Bergen brannvesen

Alle naudatatene rykte ut etter melding om ein husbrann i Olav Bjordals veg på Breistein like før klokka 04 natt til tysdag.

Då brannvesenet kom fram brann det kraftig i ein mindre, vertikaldelt tomannsbustad.

Brann Breistein

INGEN SKADDE: Fleire røykdykkarar tok seg inn i bustaden for å få avklara om nokon var heime.

Foto: Bergen brannvesen

Røykdykkarar i aksjon

Politiet meldte på Twitter at det først var uvisst om personar var i den brannråka delen av huset.

– Det brann godt utvendig i kledning, tak og terrasse. Røykdykkarar blei straks sende inn for å avkrefta at det var folk heime. Det var det ikkje, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen i Hordaland.

Om lag tjue minutt seinare meldte brannvesenet at dei hadde kontroll. Klokka 04.36 blei brannen meldt sløkt.

Brannen var avgrensa til den eine delen av tomannsbustaden. Det var ikkje fare for spreiing, ifølgje 110-sentralen.

– Det er litt spreidd bustad her og grei avstand til neste eining. Slik det såg ut i morgontimane var det ikkje fare for det, seier Drotningsvik.

Brann Breistein

BUSTAD: Det brann i ein vertikaldelt tomannsbustad i Olav Bjordals veg. Politiet mistenkte raskt at brannen var starta.

Foto: Bergen brannvesen

Arresterte mann i 30-åra

Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt seier politipatruljane på staden tidleg mistenkte at brannen var tent på.

– Det var måten brannbilete var på då patruljane og brannvesenet kom fram. Opplysingar som er innhenta av polititenestemennene har leia oss fram til pågripinga av ein mann i 30-åra. Han er pågripen og sikta for skadeverk, seier Dahl-Michelsen.

Brannen blei etter alt og døma starta på utsida av bygget. Mannen politiet meiner starta brannen, bur sjølv i huset. Han skal ha forlate området etter å ha tent på.

– Det er vedkomande som disponerer leilegheita som er pågripen, seier Dahl-Michelsen.

Mannen vil seinare bli avhøyrd. Den aktuelle delen av tomannsbustaden er rekna som totalskadd.

– Delen som brann er ikkje råd å bu i. Den tilstøytande bustaden er bebueleg, seier utrykkingsleiar Helge Brurås ved Åsane brannstasjon.