Hopp til innhold

Mann sett i varetekt

Ein mann i starten av førtiåra er sett i varetekt etter mistanke om tjuveri. Politiet fekk klokka 00.49 melding om at ein mann forsøkte å stele ein moped ved Slettebakken, og mannen forsøkte å springe frå hundepatruljen då dei kom til staden. Då han vart pågripen, fann politiet både narkotika og ein scooter dei mistenker er stole. Mannen er mistenkt for å ha tilknyting til fleire innbrot i området i natt, og er ein kjenning av politiet, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord.